Arbeidsoppgåver

Yte pleie og omsorgstenester, samt praktisk bistand til pasientane. Helsefaglege ansvars- og arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

Offentleg godkjend hjelpepleiar/autorisert helsefagarbeidar.
Relevant praksis.
Evne til å arbeida aktivt, systematisk, målretta og løysingsorientert - saman med andre.
Personlege eigenskapar vl bli vektlagde.

Særskild for stillinga
Tilsett må legge fram politiattest
Løns- og arbeidsvilkår iflg. gjeldande lov, forskrift og tariffavtalar.
Turnus med arbeid på helg.
Må kunne disponere bil.

Kommunen kan tilby

Utfordrande og interessante arbeidsoppgåver
Godt arbeidsmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunale tilsetjingsvilkår

Søknad

Bruk elektronisk søknadsskjema som du finn her.
For spørsmål om stillinga kan du kontakte kontaktpersonen. Dersom du har behov for hjelp til å søke kan du ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 68 55 00.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Opplysningar om søkjarane kan likevel bli offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du kan trekkje søknaden din.

Søknadsfrist 11.02.2018

Kontaktperson

Tone Kjærvik Kveane, Leiar Luster heimeteneste, tlf: 57 68 57 13, mobil: 91 80 75 50,E-post:  tone.kjervik.kveane@luster.kommune.no