A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
082

Høgtideleg opning av oppvekstbiblioteket

Mykje folk hadde møtt fram då Indre Hafslo oppvekstsenter inviterte til opning av oppvekstbiblioteket og bygdakafè.

Det heile starta med at Knut sa nokre ord før Erlend frå 7.klasse stod for den høgtidlege opninga ved å klippe snora og erklære biblioteket for opna. Ellen frå Luster folkebibliotek sa litt om kva eit oppvekstbibliotek er for noko, og ho hadde også med bøker i gåve til oss. Det blir utgitt svært lite bøker på nynorsk, og det var difor kjekt at skulen fekk nettopp nynorskbøker i gåve. Under opninga fekk me også høyre flott song av 1. til 4.klasse som song tre songar. Til og med sol hadde teke turen innom oppvekstsenteret denne ettermiddagen, og alle frammøtte såg ut til å kosa seg i det flotte været.

Vil du sjå bilete frå opninga så kan du sjå under bileta til 4.klasse 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS