Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane vil i juni 2021 dele ut idrettsstipend til unge utøvarar 16-19 år, og støtte til tiltak for barn og ungdom og paraidrett. Det er særkrinsar/regionar, idrettsråd, idrettslag og særidrettsgrupper i regionane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, samt unge utøvarar (16-19 år), som representerer idrettslag i regionane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn i idrettar og greiner som er tilslutta Norges idrettsforbund, som kan søke på midlane.

Det er som føregåande år tre kategoriar ein kan søke på:

  • Stipend ung utøvar (16-19 år)
  • Støtteordning barne- og ungdomsidrett
  • Støtteordning paraidrett

Utlysingsbrevet med meir informasjon om søknadsordninga i 2021 finn du her.

Retningslinjer, søknadsskjema, kontaktopplysningar og anna informasjon finn ein på www.idrettsfondsf.no
Informasjon om og kontaktopplysningar til Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane finn de her: https://www.idrettsfondsf.no/om-oss/