På grunn av denne IKT-satsinga i skulen har det sidan 2017/18 også vore tilsett ein eigen kommunal ressurslærar i IKT i undervisninga, Håvard Takle Sanden, i 20 % stilling. Håvard har resten av stillinga si som lærar ved Luster ungdomsskule. Oppgåvene hans som ressurslærar er mellom anna å drifta det lokale fagnettverket i IKT der alle lustraskulane deltek med minst ein representant og å halda lærarkurs om lese- og skriveteknologi.

Det siste Håvard har gjort er å etablera ein eigen blogg om IKT i lustraskulen. I postane som ligg føre så langt kan du lesa om:

  • Kva som er dei mest populære spela og app´ane blant elevane på 5.-7. trinn i skulen
  • Artiklar om mobilbruk skriven av elevar ved Skjolden oppvekstsenter
  • Den digitale skuleavisa som elevar på 6. trinn ved Gaupne skule har laga

 Fleire bloggpostar kjem utover vinteren og våren. Les bloggen her.