Ei generell oppfordring er å ta kontakt via epost, med mindre det hastar veldig. Alternativet kan då sjølvsagt vere å ringe.

Når du sender epost så:

  • Send gjerne med skjermbilde av feilmeldingar eller liknande
  • Meld frå om problemet berre gjeld deg eller om er det fleire som får same feil
  • Forklar kva du sjølv har gjort for å prøve å løyse problemet, mv.

Alle slike opplysningar er til god hjelp for oss med omsyn til korleis vi skal prioritere, kven av oss som kan løyse problemet osv.

Jo fleire opplysningar vi får dess raskere løyser vi saken, og til slutt er dette med på å heve servicen til deg som it-brukar.