A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
tt

Imponerande innsats i "Den store refleksjakta"

Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane har hatt den årlege konkurransen "Den store refleksjakta". Skular frå heile Sogn og Fjordane deltok.

Klassane som deltok ved Hafslo barne- og ungdomsskule gjorde det kjempeflott. 4B vann konkurransen med 37,4 refleks i snitt pr elev. 4A fekk ein flott 3. plass med 30,4 refleks i snitt pr elev. 5. klasse vart nr 5 med 29,5 refleks pr elev. Solvorn oppvekstsenter vart nr 2 med 33 refleks i snitt pr elev. Så Luster kommune sikra seg 4 av dei 5 beste resultata.

4B vann med dette kr 2500,- i fyrstepremie, medan 4A vann kr 1000,- i tredjepremie.

Gratulere med flott innsats!

Reflekskonkurransen er støtta og finansiert av Fylkestrafikktryggleiksutvalet i Sogn og Fjordane, og er ein del av Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt handlingsprogram for trafikktryggleik.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS