Det vert tilbod om influensa – og koronavaksine desse dagane:
Måndag 28.10 kl 10.00-13.00 i Gymsalen i samfunnshuset på Hafslo
Tysdag 29.10 kl 09.00-14.00 i Gaupne idrettshall
Tysdag 05.11 kl 10.00-13.00 i Gymsalen i Luster oppvekstsenter
Influensavaksine er anbefalt til alle 65 år og eldre, samt yngre i risikogrupper.
Prisen for influensavaksine er 180 kr. Kontant betaling, kort eller Vipps.
Koronavaksine er gratis. Begge vaksinane blir gitt samme dag.
Personar i følgjande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg:
- Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
- Alle frå fylte 65 år
- Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal òg få tilbod om influensavaksine
- Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år.
- Barn og vaksne med:
- kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
- hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
- diabetes type 1 og 2
- leversvikt eller nyresvikt
- kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
- nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, hiv, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
- svært alvorleg fedme (KMI over 40)
- annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (t.d. personar med medfødde kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert andre stader)
I tillegg er influensavaksine tilrådd:
Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
- Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
- Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande griser
- Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller stadfesta influensasjuk tamfugl.
Informasjon om vaksinene kan du finne her: