Luster kommune har gjennomført influensavaksinering for risikogruppene med vaksinasjonsstad Hafslo, Luster og Gaupne. Det er sett 760 vaksinar samt 36 dosar med lungebetennelse-vaksine.

Det har vore godt frammøte. Blant helsepersonell er det gledeleg høgt oppmøte for vaksinering som har vore utførd på arbeidsplassane.

Vidare vaksinering vil  skje hos fastlegane. Når det gjeld vaksine mot lungebetennelse (Pneumovax), er vi tom for dette, det gjeld òg det nasjonale lageret.

Influensavaksine vert særskilt anbefalt til:
• Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)
• Dei som bur i omsorgsbustader og sjukeheim
• Alle frå fylte 65 år
• Barn og vaksne med:
  - diabetes type 1 og 2
  - kronisk luftvegssjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
  - kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  - nedsett immunforsvar
  - svært alvorleg fedme (KMI over 40)
  - anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer en alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
• Helsepersonell som har pasientkontakt
• Husstandskontakter til immunsupprimerte pasientar
• Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande griser.

Pris: Influensavaksine for målgruppa kr 50,-