Skredet gjekk 16.09.2021 i Bakligjelet i Fortunsdalen. Kartreferanse: N6847657 – Ø116657. NVE fekk melding om skredet frå Hydro Energi Sogn kl. 10.55. Skredet demte opp Fortunselvi – og det var bekymring for oppdemming av vatn med konsekvensar det kunne gi.

Gjelet der skredmassane ligg er svært bratt og utilgjengeleg. Hydro har floge med drone over skredmassane jamleg, to gongar den 16.9, to gongar den 17.9, ein gong den 21.9 og ein gong den 23.9.2021.

Bilda syner pr. 23.9 at elva renn delvis gjennom og over skredmassane. Det har også danna seg to mindre basseng i skredmassane. Det er lite erosjon i massane med vassføringa vi har no, men erosjon vil auke med større vassføring. Gråfargen i elva på tysdag 21.09 skuldast gravearbeid på Fivlemyrane.

 


Fakta om skredet:

  • Steinskredet vart løyst ut i ca. 800 høgde, loddrett fallhøgde ned i elva i gjelet var ca. 450 høgdemeter.
  • Volum på skredmassane i elvegjelet er ca. 180 000 m3.
  • Bredde på skredmassane er ca. 100 meter.

 

Kva gjer NVE no:

  • Pga. utfordringar med dekning (mobil/satellitt) er det per i dag ikkje råd å få på plass overvaking av skredmassane i sanntid.
  • NVE vil få på plass ein radar for å måle om det ennå er rørsle i fjellveggen ved skredutløpet. Dette gjer NVE for oppdage om det kan komme eit nytt steinskred. Radaren kan vere på plass ca. 27.9, innsamling av data og resultat frå målingane kan vere klar i slutten av veke 39 eller i byrjinga av veke 40.
  • NVE vil rekne meir på volum, storleik og profilen på skredmassane, og ut frå dette modellere og berekne korleis auka vassføring vil påverke massane i gjelet og ev. følger det kan ha nedstraums. Berekningane vil gjerast ut frå ulik vassføring i elva, både normal- og flaumvassføring, med utgangspunkt i tidlegare vassdragsmålingar frå Hydro og NVE.

 

Førebelse konklusjonar:

  • Med vassføringa i Fortunselvi per i dag er det ikkje farleg for nedanforliggande busetnad. Heller ikkje ved normal- eller for årstida kjent flaumvassføring.
  • Det er ikkje mogleg å gjere fysiske tiltak i elvegjelet – for utilgjengeleg.
  • Ein må rekne med ei auka i sediment- og slamtransport i Fortunselvi ved auke i vassføringa.

 

NVE vil saman med Luster kommune, Hydro Energi Sogn, Politi og Statsforvaltaren fortløpande gjere nødvendige vurderingar i tida som kjem, gjennom møter og oppdateringar.

Luster kommune vil halde bebuarane i Fortunsdalen informert om utviklinga på bakgrunn av informasjon frå NVE og Hydro Energi Sogn.