Fysioterapitenesta har starta opp igjen tilbod om individuelle timar hjå fysioterapeut, både i kommunalt og privat praksis (gjeld Friskhuset og Hafslo fysioterapi).

Me følgjer krav om smittevern frå folkehelseinstituttet, og både pasient og terapeut må vera heilt friske for å møta opp.

Ber om at du som har time møter presis for å unngå unødig samling av folk i venteromma. Fint om du ringer, sender sms eller e-post for å kontakta oss for time eller spørsmål i staden for å møta opp i lokala. Me kan også tilby videokonsultasjonar ved behov.

For kontaktinformasjon sjå her