Dei neste dagane og vekene forventar Nav stor pågang frå arbeidsgivarar som treng bistand og rettleiing for å sikra at varsel om permitteringar eller oppseiingar blir gjort på ein god måte. Her kjem nokre råd, tips og anbefalingar som kan bidra til ein god prosess for både arbeidsgivar og dei tilsette dette vil gjelda for. 

Les digital informasjon først

Nav oppfordrar alle arbeidsgivarar til å halda seg oppdatert på nettsidene til Nav. 

Viktige lenker: 

Permittering – informasjonsvideo for arbeidsgivere 
Forsiden – nav.no
Koronavirus – informasjon fra nav.no
Permitteringer – informasjon til arbeidsgivere

Varsel om permitteringar skal meldast til Nav
Skjemaet NAV 76-08.03 skal sendast på e-post til nav.luster@nav.no

Informasjon og råd til tilsette som blir permitterte
Tilsette med permitteringsvarsel skal ikkje henvenda seg til Nav-kontoret. Dei finn oppdatert informasjon på nav.no.
Det er viktig at arbeidsgivarar syter for at tilsette som blir permitterte, får nødvendig dokumentasjon frå arbeidsgivar, slik at Nav får til ei smidig behandling av søknader om dagpengar. 

Viktige vedlegg som arbeidstakarar må ha med i søknaden: 

  • Permitteringsvarsel 
  • Permitteringsvarselet må innhalde følgande: dato, frist for varsel, permitteringsårsak, permitteringsgrad, permitteringsperiode og at det ligg føre underskreven protokoll på at vilkåra for permittering er oppfylt. 
  • Arbeidsavtale eller stadfesting på arbeidsforhold 

Stadfesting på arbeidsforhold må innhalda følgande: 

  • når starta vedkommande i jobben

  • stillingsprosent
  • eventuell informasjon om variabel arbeidstid/skift/turnus/rotasjon 

Døme på stadfesting på arbeidsforhold: 

Ola Nordmann har vore tilsett hjå Bedrifta som økonomimedarbeidar sidan januar 2008. Han har jobba i ei 100 prosent stilling til dags dato med ordinær arbeidstid. 

Kort rettleiing for registrering som arbeidssøkar hjå Nav 

Informasjonsvideo - Permittering og dagpenger 
Informasjonsvideo - CV og jobbprofil

  1. Gå til nav.no 
  2. Klikk på «Hva er din situasjon» 
  3. Klikk på «Er du arbeidssøker eller permittert?» 
  4. Vel din situasjon 
  5. Registrer deg – ha tilgjengeleg BankID/BankID på mobil 
  6. Søke dagpengar: Klikk på Skjema og søknad på framsida. Her finn ein framgangsmåte steg for steg. 
  7. Registrera CV på arbeidsplassen.no