Luster kommune arrangerer ope møte i Skjolden, Fjordstova tysdag 23.10 kl.19.00

Agenda for møtet:

Ordføraren ynskjer velkommen og leiar møtet.

  • NVE v/Brigt Samdal om hendinga, før-under og etter.

  • Hydro v/Johnny Bruheim om deira tiltak opp mot hendinga og vidare.

  • Statens vegvesen v/Svenn Egil Finden om skadane og planane vidare.

  • Luster kommune v/Magnus Snøtun om skadar og tiltak, inkl det som går på landbruk.

  • Landbruksdirektoratet v/Tron Reidar Bø og Norsk Naturskadepool v/Espen Jensen om erstatnings- og forsikringsordningar.

  • I tillegg er fylkesmannen v/fylkesberedskapsleiar, politiet og kommunen på møtet og svarar på ev spørsmål.

Korte innleiingar, konkrete spørsmål etter kvar innleiing.

Kommentarar og drøftingar i etterkant.

 

Kaffi m/noko attåt.