Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline
22. september kl. 11:37

Informasjon om Koronaviruset

Les meir... clear

Informasjonsside om Koronaviruset

Luster legekontor har vanleg kapasitet og er ope for vanleg drift. Planlagde timar vert ikkje utsette og du kan tinge ny legetime som vanleg på 57685600. Dersom du ynskjer det kan du også tinge ein videokonsultasjon med legen i staden for å møte opp på legekontoret.

Trykk her for å bestille korona-test.
Tenesta krev innlogging via Bank-ID. Dersom du ikkje har moglegheit til å bestille på nettet, ringjer du på 90672625. (08.00-15.00)
Oppmøtestad er utanfor helsesenteret ved ambulanse-inngongen. Vi oppmodar alle til å kome i eigen bil.

Legevakt kan du ringje på 116117. Merk at legevakt er for akutt helsehjelp.

Søk informasjon på www.fhi.no og www.helsenorge.no
Du kan sende spørsmål til e-postadresse korona@luster.kommune.no

Status 21. september: Ikkje nye tilfelle med påvist smitta. 3 innbyggjarar har vore påvist smitta av koronaviruset, alle 3 er no friskmelde.
(Det er og 1 person som er folkeregisterført i Luster kommune, men busatt ein annan stad i Norge, som har fått påvist smitte. Difor står Luster med 4 registrerte smitta i nokre register)

korona5_60x60

Siste oppdateringar

18.september

Bestilling av koronatest skal no gjerast på nettet​

19. august
Løyving frå Vestland fylkeskommune til næringsutvikling

18. august
Råd og informasjon om handhygiene, hostehygiene, bruk av munnbind, reingjering og klesvask.

17. juli
Råd til reiselivsbransjen om reiser og ferieaktiviteter i Norge

16. juli
Servering av alkohol skal skje ved bordservering

9. juli

Serverings- og restaurantbransjen

7. juli
Informasjon til reisande, til deg som jobbar med reisande, til utanlandske sysselsatte.

2. juli
Raskare koronasvar via helsenorge.no

15. juni

 Justering av koronatiltak fra 15. juni

11. juni

Nav klar med lønnskompensasjon til permitterte - arbeidsgivere må søke

4. juni

NAV Luster opnar sitt publikumsmottak tysdag 09.06.20

3. juni

Ny informasjon til besøkande ved omsorgssentra

2. juni

Oppdatert informasjon under "Næringslivet i Luster"

29. mai

Opning av barnehagane - oppdatert.

Opning av SFO og skule (2. juni).

19. mai
Nye informasjonar under "Næringslivet i Luster"
Barnehagebarn tek med matpakke fram til sommarferien.

15. mai
Ny rettleiar for smittevern i landbruket

11. mai
Ny informasjon under "Restriksjonar helse- og omsorg"

8. mai
Regjeringens plan og justering av koronatiltak

Avsnittet om opning av SFO og skule har ny informasjon.

Avsnittet om barnehagane opnar har ny informasjon.

6. mai
Nye råd og retningslinjer for arrangementer 7. mai

4. mai
"Fysioterapitilbodet" ny informasjon

29. april
Næringslivet i Luster - oppdatert
Telting Turtagrø - Nytt
 

27. april
"Skule, sfo og barnehage" oppdatert

24. april
"Opning av SFO og skule (1.-4. trinn) 27. april"

21. april
"Barnehagane opnar att 20. april" oppdatert
"Information and videos in different languages" has been updated

20. april
Nasjonal koronarettleiar for skulane er klar

17. april
Radio Luster sine opptak frå kommunestyret 16. april.  Korona – status og planar framover.
More information posted under "Information and videos in different languages"

16. april 
Ny informasjon "17. mai"
Ny informasjon "Barnehagane opnar att"
Oppdatert informasjon om hytteforbod
Webinar om krisepakker for næringslivet 

15. april
Regjeringa har lagt fram Korona-rettleiaren om smitteverntiltak når barnehagane opnar att.

14. april
Skule, SFO og barnehage (underside oppdatert)

8. april
Vil åpne samfunnet gradvis og kontrollert (lenke til regjeringen.no)
Gradvis opning frå 20. april (ny underside)
Idrett, kultur og frivilligheit - krisepakke (ny underside)
Skule, SFO og barnehage (underside oppdatert)

6.april
Informasjon frå fylkesmannen om sesongarbeidskraft i landbruket

Lenke til Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse om eldre og korona
Lenke til pasient- og brukarombod lagt inn under "Har du spørsmål eller treng informasjon?"

3. april
Ny informasjon under "Næringslivet i Luster"
Ikkje nye tilfelle med påvist smitta. 1 innbyggjar er påvist smitta av koronaviruset og er i isolasjon, 2 er friskmelde.  

2. april
Ny informasjon "Oppmoding til brukarar av fjellheimen i Luster"
Ny informasjon "Vurderer du å kome heim til Luster i påska?"
Fleire informasjonar i ulike språk under "Information and videos in different languages"

1. april
Ikkje nye tilfelle med påvist smitte. 2 smitta er i isolasjon. 1 er friskmeld.

30. mars
Oppdatert informasjon om Serviceskyss.

 

korona5_60x60

Raskare koronasvar via Helsenorge.no og kjernejournal

Sjå svaret på koronatesten din på Helsenorge.no så snart prøven er analysert og besvart.
Kommunelegen melder at helsetenesta sender sms til dei som ikkje har bank-id for pålogging i helsenorge.no.

Informasjon frå Folkehelseinstituttet om tenesta.

 

korona5_60x60

Rådhuset

Me held Rådhuset ope, også for publikum, men publikum vert oppmoda om å nytta telefon og e-post i kommunikasjonen.
Tlf. 57685500, postmottak@luster.kommune.no
Alle besøk skal helst vere avtalte på førehand.

Du kan sende spørsmål til e-postadresse korona@luster.kommune.no

korona5_60x60

Omsorgssentra

Det er fleire stader i landet auke i tal koronasmitta, og vi på må verne pasientane/brukarane våre mot smitte.
Kommuneoverlegen ber alle om å overhalde smittevernreglane
.

Det er maks 2-3 personar som kan få koma på besøk til kvar bebuar samstundes.  

Før besøk:

  • Besøkande må ta kontakt pr telefon før ein kjem på besøk.
  • Pårørande eller andre som er i heimekarantene eller har luftvegssymptom, får ikkje kome på besøk.
    Personar som truleg er, eller er bekrefta smitta med covid-19, får ikkje kome på besøk.

Under besøk:

  • Alle besøkande skal registrerast med namn, telefonnummer og tidspunkt. Dette grunna sporing av smitte.
  • Det er viktig at alle besøkande utfører handhygiene når dei kjem, også ved besøk utandørs.
  • Besøkande går direkte til og frå rommet til bebuar, og får ikkje opphalde seg i fellesareal.
  • Besøkande skal halde minst 1 meters avstand til tilsette og andre pasienter/bebuarar.
  • Besøkande bør også halde minst 1 meters avstand til den dei besøker. Unngå handhelsing og klemming.
  • Pasientar/bebuarar kan ta imot gåver, blomster og liknande.
    Det er ikkje behov for spesielle førehandsregler, men viktig å følgje generelle råd for handhygiene, då dette vil forebygge indirekte kontaktsmitte.
  • Dersom besøkande har med mat, skal alle utføre håndhygiene før maten vert servert. Besøkande skal ikkje nytte felleskjøkken i institusjonen.
  • Pasient/bebuar og besøkande skal utføre handhygiene når dei forlet rommet/omsorgssenteret.
  • Om besøkande får symptom på covid-19 og vert testa, skal dei opplyse om at dei har vore på besøk på omsorgssenteret. Dette er pga smittesporing.

 

       Omsorgstenesta 22.09.20

korona5_60x60

Corona - information for travellers and foreign seasonal workers.

flagg komprimert

Information and videos in different languages

Last updated April 21.

Keep updated - many languages
Coronavirus disease - advice and information. Norwegian institute of public health

Engelsk/English engelsk.png

Video

Information to parents of school children

Information to parents of kindergarten children

The new coronavirus (COVID-19)

What is a safe distance from other people?

To everyone who has been told to stay at home

Corona contagion – information for parents

Habits which help prevent infection

Sansk/Spanish/Español spansk.png

El nuevo coronavirus (Covid-19)

¿Mantener poca, mucha o absoluta distancia?

A las personas a quienes se ha indicado que deben permanecer en su domicilio

Hábitos para prevenir el contagio

Polsk/Polish/Polski polsk.png

Informacje dla rodziców mających dzieci w szkole

Informacje dla rodziców mających dzieci w przedszkolach

Nowy koronawirus (Covid-19)

Mała, duża odległość czy unikanie kontaktu?

Do osób, którym polecono zostać w domu

Zarażenie koronawirusem – informacje dla rodziców

Zapobieganie zarażeniu

Arabisk/Arabic/اللغة العربية arabisk.png

Video

News NRK

معلومات للآباء في المدرسة

معلومات لأول�اء أمور الأطفال � روضة الأطفال

يروس الكورونا المستجد (كوفيد - 19

 مسافة قليلة أو كبيرة أم ابتعاد م؟ ت

إلى كل الأشخاص الذين ُط بقوا في منازلهم

عدوى فریوس کورونا - معلومات لألولياء

العادات ي تمنع العدوى

Svahili/Kiswahili svahili.png

Virusi vipya vya korona (COVID-19) 

Umbali unaofaa kutoka kwa watu wengine ni nini?​

Kwa kila mtu aliyeagizwa kukaa nyumbani 

Kuambukiza kwa corona – habari kwa wazazi

Dari dari.gif

News NRK

(COVID-19) کروناویروس جدید

فاصله ایمن با اشخاص دیگرچه مقدار است؟ 

قابل توجه کسانی که برایشان گفته شده تا در خانه باشند

یم دنک تاداع ھک زا عویش یرامیب یریگولج

Somali somalia.png

Video

News NRK

Warbixin ku socota waalidka iskoollada

Warbixin ku socota waalidka xannaanooyinka carruuraha 

Fayrasta koroonada ah ee cusub (Covid-19)

Ma in yar, ma in badan mise kala durug buuxa?

Ku socota qofka loo sheegay in uu joogo guriga

Sidda looga hortagi karo caabuqa

Kurdisk/Kurdish/Kurmanji/Sorani kurdisk.png

News NRK

Vîrûsa koronaya nû (COVID-19)

Dûrbûna ewleh ji kesên din re çiqas e? 

Agadarî ji kesên ku ji wan re hatiye gotin ku li malê bimînin

تووشبوون بە ک ۆر ۆنا - زانیاری بۆ دایکان و باوکان 

ندرکیرگ%ڕ ھل وتونووبش ک%دنھھ ییامن%ڕ ۆب

Tigrinja tirginja - eritrea.png tirginja - etipoia.png

Video

ሓበሬታ ደቆም ኣብ ቤት ትምህርቲ ንዘለዉ ወለዲ 

እቲ ሓድሽ ኮሮና ቫይረስ (ኮቪድ - 19 Covid-19) 

ቁሩብ፡ብዙሕ ወይስ ጠቕሊልካ ምርሓቕ?

ንነፍስ ወከፍ ካብ ገዛ ከይወጽእ ተንጊርዎ/ዋ ዘሎ ሰብ

ምትሕልላፍ ሕማም ክትቋጻጸረሉ እትኽእል ልምዲ

korona5_60x60

SFO og skule

29.05.20

Frå og med 2. juni 2020 vil det vera vanleg opningstid i SFO. Både SFO og skulane forheld seg til nasjonale oppdaterte retningslinjer for smittevern; https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/

Kvar skule vil elles senda ut informasjon til føresette om dei ordningane som gjeld spesifikt for deira barn/skule.

I perioden framover er me ekstra nøye med å trygge godt smittevern. Dette avheng av at me alle gjer ein innsats og følgjer dei nye råda for smittevern. På skulen vil me vera spesielt opptekne av å:

• vaska hender og læra elevane gode rutinar for handvask
• ha godt reinhald
• vaska utstyr jamleg, til dømes tastatur
• vera ekstra mykje ute med elevane, også i vanlege skuletimar og SFO
• ha undervising og samlingar i mindre grupper
• halda god avstand til kvarandre

Nå åpner skolen igjen! from Utdanningsdirektoratet on Vimeo.

Følg dei generelle smittevernsråda

Skulane har førebudd opninga godt og planlagt nøye utifrå føringane kommunen har fått frå Utdanningsdirektoratet. Sjølv om barnehagane, SFO og skulane no gradvis vert opna igjen, er det viktig at me alle held fram med å følgja dei generelle råda om smittevernstiltak som gjeld alle: god hand- og hostehygiene, prøva å unngå å ta seg
i andletet, avgrensa talet personar ein har kontakt med og får besøk av, til nokre få om om gongen, friske barn kan vera saman både ute og inne, men i små grupper.
Smittepresset er lågt både i vår kommune og i vår region, og slik ønskjer me naturlegvis at det også skal vera frametter.

Reglar for undervisning av eigne barn

Hovudregelen er at alle barn og unge som oppheld seg i Noreg har rett og plikt til grunnskuleopplæring. 

Regelverket gjer det mogleg for føresette å ta barna ut av skulen og undervise eigne barn heime. Det er foreldra som då har ansvaret for å gje barna opplæring, tilsvarende opplæringa i skulen. Dersom føresette vel heimeundervisning, er det viktig at dei er klar over at barnet ikkje lenger er ein del av den offentlege grunnskuleopplæringa, og at dei blir fråtekne ein del rettar etter opplæringslova. Blant anna har barn ikkje rett til spesialundervisning eller standpunktkarakterer.

Me vil understreka at det beste for barna er å gå på skulen, så lenge dei eller familien ikkje er i ei risikogruppe for å få alvorleg sjukdom av koronaviruset. For barn som ikkje er i risikogruppa, er det trygt å gå på skulen.

Dersom foreldra likevel vel å halda barna heime, kan de ikkje forventa at skulen lagar eigne opplegg for elevane. Føresette som vel ikkje å senda barna på skulen, må sjølv oppfylla opplæringsplikta.

Lenke til informasjonsskriv

Informasjon til foreldre med barn i skulen - Utdanningsdirektoratet
Informasjon til foreldre med barn i skulen - Utdanningsdirektoratet (engelsk)
Informasjon til foreldre med barn i skulen - Utdanningsdirektoratet (arabisk)
Informasjon til foreldre med barn i skulen - Utdanningsdirektoratet (polsk)
Informasjon om skuleskyss – Vestland fylkeskommune opning 1.-4 trinn
Informasjon om skuleskyss - Vestland fylkeskommune opning 5.-10. trinn
Gjeld skuleskyssen frå 2. juni – Vestland fylkeskommuneRettleiar om smittevern barneskule - Utdanningsdirektoratet
Nasjonal koronarettleiar for skulane

korona5_60x60

Barnehagane

29.05.20

Opning av barnehagane
Frå 2. juni vil barnehagane i Luster gå attende til full opningstid. Styrar i barnehage vil senda ut eigen informasjon til føresette i sin krins.
 

Foreldrebetaling i barnehage
Frå og med 20. april og til og med 1. juni har barnehagane hatt redusert opningstid for å kunne gjennomføre smittevern tiltaka som barnehagane vart pålagt å fylgje, j.f. veileder 

Den reduserte opningstida vil ikkje ha innverknad på foreldrebetalinga, jf. nasjonale føringar. Dei vanlege barnehagesatsane gjeld.

Barn som har måtte vere heime på grunn av langvarig sjukdom eller fordi dei har vore i risikosona kan søkje om fritak for foreldrebetalinga jf. vedtekter for barnehagane i Luster
§ 14 Fritak for betaling
Barn som lir av ein alvorleg sjukdom som gjer at barnet ikkje kan nytta plassen
i barnehagen, kan innvilgast fritak for betaling i den perioden barnet er borte
frå barnehagen. Det må liggja føre ein legeattest. Søknader for kortare periode enn ein månad vert ikkje handsama. Søknadar vert handsama av Oppvekst.


Matpakke fram til nytt barnehageår
Alle barn tek med matpakke fram til nytt barnehageår, 14. august. Barnehagane syt for frukt og mjølk. Satsen for matpengar i denne perioden er:
100 % plass: 100 kr
80 % plass: 80 kr
60 % plass: 60 kr

Det er trygt for barn å koma i barnehagen
Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet har i samarbeid utarbeidd ei rettleiing for opning av barnehagane i Noreg. Den nasjonale rettleiinga er tydeleg på korleis barnehagane kan førebyggja smitte.

I barnehagen vil me vera særskild opptekne av å:

  • vaska hender og og følgja opp barna slik at dei lærer gode rutinar for handvask
  • ha godt reinhald i barnehagen
  • vaska leiker jamnleg
  • vera ekstra mykje ute med barna i tida frametter
  • ha mindre grupper av barn som er saman med fast tilsette

Dersom barnet ditt ikkje kjenner seg bra
Har barnet ditt symptom på sjukdom, også milde symptom, skal de ikkje møta i barnehagen. Det er ekstra viktig no at barna er heime i minst eitt døgn etter at dei har vorte symptomfrie. Foreldre som har luftvegssymptom, skal ikkje følgja eller henta barn i barnehagen. Har foreldre eller nokon andre i husstanden fått påvist sjukdom med koronavirus, skal de heller ikkje møta i barnehagen. Dersom barnet ditt vert dårleg i barnehagen, må de henta barnet så fort det let seg gjera.


Velkomen til barnehagen – dei tilsette gler seg til å vera saman med barna igjen!

 

Nyttige lenker om opning av barnehagane

Rettleiing om smittevern i barnehagen (Folkehelseinstituttet og Udir)

Spørsmål og svar om gradvis opning av barnehagar og skular (regjeringen.no)

Spørsmål og svar om rettleiaren for smittevern i barnehagen (regjeringen.no)

 

Informasjon til foreldre om opning av barnehagane

Informasjon til foreldre om opning av barnehagane - engelsk

Informasjon til foreldre om opning av barnehagane – arabisk

Informasjon til foreldre om opning av barnehagane - somali

Informasjon til foreldre om opning av barnehagane – polsk
 



Regjeringa har lagt fram Korona-rettleiar om smitteverntiltak når barnehagane opnar att.

Meir om barnehage ligg under "Skule, SFO og barnehage"

korona5_60x60

Fysioterapitilbodet

04.05.20

Fysioterapitenesta har starta opp igjen tilbod om individuelle timar hjå fysioterapeut, både i kommunalt og privat praksis (gjeld Friskhuset og Hafslo fysioterapi).

Me følgjer krav om smittevern frå folkehelseinstituttet, og både pasient og terapeut må vera heilt friske for å møta opp.

Ber om at du som har time møter presis for å unngå unødig samling av folk i venteromma. Fint om du ringer, sender sms eller e-post for å kontakta oss for time eller spørsmål i staden for å møta opp i lokala. Me kan også tilby videokonsultasjonar ved behov.

For kontaktinformasjon sjå her

korona5_60x60

Serverings- og restaurantbransjen

Helsedirektoratet minner om at det er fare for aukande smittespreiing no når samfunnet i større grad opnar opp og innbyggjarane har meir kontakt med kvarandre i det offentlege rom.

cafe.pngRisikoen for spreiing av covid-19 har synt seg særleg høg i serverings- og restaurantbransjen der gjester ofte er tettare på kvarande. Det syner òg erfaringar frå andre land.

Det er anbefalt MINIMUM 1 METER AVSTAND mellom personar i offentleg rom, inkludert serverings- og restaurantbransjen.

Me ber om at gjester og bransjen følgjer desse anbefalingane om 1 meter avstand.

Som påminning til gjester, rår me verksemdene til å setje oppslag om dette.
Plakatar de kan skrive ut under:

Hald avstand (norsk og engelsk)

Unngå smittespreiing (norsk)

Unngå smittespreiing (engelsk)

korona5_60x60

Næringslivet i Luster

02.06.20

Nye koronatiltak frå regjeringa

Regjeringa la  29. mai fram sin plan for å bidra til Norge kjem godt ut av koronakrisa. Mange av tiltaka som er lagt fram tidlegare blir vidareført, medan nokon blir endra eller fasa ut. I tillegg kjem det til nye tiltak som skal fremje aktivitet og arbeidsplassar. Under finn de informasjon om relevante endringar og nye tiltak for næringslivet.

Tiltak som blir føreslått justert

Gradvis nedtrapping av kompensasjonsordninga, med utfasing ved utgangen av august. Støttefaktoren blir føreslått nedjustert til 0,7 i juni og juli, og 0,5 i august. Les meir på regjeringa.no.
For nye tilfelle av permitteringar frå 1. september 2020 foreslår regjeringa å auke tal dagar med lønsplikt for arbeidsgivarar frå to til ti dagar, og samtidig avvikle den ekstraordinære lønskompensasjonen for nye permitterte. Les meir på regjeringa.no.
Den utvida retten til bruk av eigenmelding blir reversert frå 1. juni 2020
Arbeidstakar si kvote for omsorgspengar blir nullstilt frå 1. juli 2020. Det inneberer at arbeidstakarar får rett på ei normal heilårskvote for siste halvår av 2020, uavhengig av om den utvida kvota er brukt opp.

Nye tiltak:

Lønsstøtteordning – midlertidig støtteordning for bedrifter som tek permitterte tilbake i arbeid. Ordninga er tidsavgrensa og gjeld for juli og august. Les meir om ordninga på regjeringa.no.
250 mill. kroner til tilskotsordning under Innovasjon Norge for bedriftsutvikling i reiselivsnæringa
250 mill. kroner til ny kompensasjonsordning som skal bidra til at sesongbedrifter som har opplevd stort omsetningsfall kan dekke sine utgifter til lovpålagt vedlikehald
600 mill. kroner til bedriftsretta tiltak i kommunar som er særskilt hardt ramm som følgJe av virusutbrotet
Bygg og vedlikehaldspakke på fire milliardar kroner som skal halde aktivteten oppe over heile landet. Ein stor del av desse midlane vil gå gjennom kommunane
Grøn omstillingspakke på til saman 3,6 mrd. kroner over tre år. Hovudsatsinga i den grøne omstillingspakka er 2 mrd. kroner i auka løyving til Enova i 2020 som skal forsterke satsinga på teknologiutvikling i industrien.
Forsterka satsing på kunnskap og kompetanse

***

19.05.20

Kompensasjonsordningen for næringslivet - Beregning av tilskudd for sesongbedrifter

Fleire vil få kompensasjon

***

29.04.20

Regjeringa gjer endringar i kompensasjonsordninga for næringslivet

Regjeringa gjer endringar i kompensasjonsasjonsordninga for næringslivet, sjå sitat frå talen til finansministeren i den 28.4 (under). Det betyr at eigenandelen for bedrifter som ikkje er stengt ned av staten vil bli halvert til 5000 kr frå og med søknaden for april.

Det vil og no bli laga ein berekningsmodell for sesongbedrifter. Denne vil snart vere klar og det vert ei samla etterbetaling for mars, april og mai.

«Kompensasjonsordningen har vært i drift en drøy uke, og allerede har 13 500 bedrifter fått utbetalt støtte. Slik at de kan dekke kostnadene som ikke forsvinner selv om aktiviteten går ned og de ansatte blir permittert.
Ordningen er utformet med mål å unngå unødige konkurser og oppsigelser. Da er det viktigere at de aller fleste bedriftene får pengene raskt, enn at ordningen treffer perfekt og 100 % rettferdig. Det har vi varslet hele tiden, og slik ble det.
Derfor gjør vi nå noen justeringer slik at ordningen treffer enda litt bedre i neste søknadsrunde, i midten av mai en gang. Vi er ikke i mål med alle justeringene ennå, men noen er klare og andre jobber vi videre med:
Den første handler om egenandelen som bedrifter må betale dersom de ikke er stengt ned av staten:
Innspillene vi har fått, og vurderingene vi har gjort, tilsier at egenandelen på 10 000 kroner er litt høy. Den vil derfor bli halvert til 5 000 kroner fra og med søknaden for april.
Ifølge anslagene våre, vil det føre til at rundt 10 000 flere bedrifter vil bli omfattet av ordningen. Ingen får kompensert alt. Det er derfor naturlig å beholde en liten egenandel.»

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/finansministerens-innledning-pa-pressekonferanse-om-koronasituasjonen28.-april/id2700200/

***
Webinar om krisepakker for næringslivet

***

2.4 la Regjeringa fram nye tiltak for næringslivet. Det er no ordninga som er kalla «kontantstønad» som er lagt fram, og vert truleg vedteken i Stortinget i dag den 3.4. Alle detaljar er enno ikkje klare. Ordninga med kontantstønad vil vere aktuell for mange bedrifter. Ordninga er retta mot verksemder som har fått vesentleg fall i omsetninga grunna situasjonen med korona, og vil vere naudhjelp til dei som har faste kostnader dei ikkje kan kvitte seg med.

Verksemdene må sjølve søkje om stønad via ei offentleg digital løysing med automatisk sakshandsaming. Denne er under utarbeiding. Om søknaden vert godkjent, vil ein få pengar rett på konto og pengane skal ikkje betalast attende. Kor mykje av kostnadane ein vil få dekka er enno ikkje avklart, men verksemder som har fått krav om å stenge ned vil få meir enn andre. Ordninga er mellombels. Fleire detaljar om ordninga kjem i løpet av kort tid.

Sjå NHO si orientering om tiltaket

***

Det kjem no no nye tiltak frå regjeringa, så under.
Luster kommune skal og handsame tiltak retta mot næringslivet i formannskapet og kommunestyret kommande veke. Sjå rådmann si tilråding.

Regjeringa ynskjer å dekke faste kostnadar for bedriftene
Regjeringa føreslår no å opprette ei ordning der bedrifter kan søke om støtte til å få dekka faste kostnadar, som til dømes husleige og forsikringar. Målet er å auke sjansen for at bedriftene held seg flytande og raskare kan bidra til å skape verdiar og arbeidsplassar når krisa er over.
Det blir no arbeida i lag med Finans Norge for å lage ei digital løysing der bedriftene kan søke om støtte. Behandlinga av søknadane skal i stor grad vere automatisert og basert på tilgjengelege registerdata. Det skal bidra til at ordninga kan iverksettast raskt og at pengane blir utbetalt så snart som mogleg.
Regjeringa vil kome tilbake med detaljert informasjon om ordninga fredag om ei veke. Meir informasjon om forslaget frå regjeringa finn ein her

***

Næringslivet i heile verda har svært store utfordringar i desse dagar. Slik er det og for næringslivet i Luster kommune. Luster kommune er oppteken av næringslivet skal komme gjennom denne krisa best mogeleg.

Nasjonale styresmakter har komme med ei rad tiltak for å lette situasjonen for næringslivet. Dette er tiltak som truleg og vil endre seg framover. Bedriftene vil kunne orientere seg om desse tiltaka ved å fylgje med på ma www.regjeringen.no. Mange verksemder er og medlemmer i bransjeorganisasjonar som gjev god informasjon.

Mange verksemder vil få store likvide problem framover.

Det vert no etablert ein statleg lånegaranti for banklån særleg retta mot små og mellomstore bedrifter. Dette omfattar nye lån til bedrifter som bankane meiner vil vere lønsame framover etter pandemien er over. Staten vil garantere for ein større del av desse låna. Ordninga får i fyrste omgang ei ramme på 50 milliardar kroner. Dei verksemdene som treng ekstra likviditet no framover, må ta kontakt med sitt banksamband.

Dei verksemdene som har lån hjå Innovasjon Norge kan ta kontakt med IN og søkje om avdragsutsetjing.

Fleire bedrifter i Luster kommune har lån i kommunen sit næringsfond. Dei bedriftene som får likviditetsproblem kan sende ein epost til postmottak@luster.kommune.no og forklare situasjonen og søkje om avdrags- og renteutsetjing.

Frist for innbetaling av eigedomsskatt frå næring med skattesats 7 promille (gjeld ikkje kraftverk) til Luster kommune vert førebels utsett til 15.08.20.

Det vil vere mykje som er usikkert framover. Alt tyder på at dette er ein situasjon som vil vare relativt lenge. Luster kommune har no primært fokus på liv og helse til innbyggjarane, men vi ynskjer å ha så god kontakt som nødvendig med bedriftene i kommunen, på telefon og epost.

Luster kommune oppmodar og alle bedrifter om å fylgje styresmaktene sine påbod og råd for å hindre smittespreiing.

korona5_60x60

Tilpassa informasjon retta mot helse- og omsorgspersonell, pårørande og eldre

korona5_60x60

Korleis førebyggje smitte? Hygieneråd

Alle som oppheld seg i Luster kommune skal ivareta god og forsvarleg hand-, hoste- og nysehygiene. Handhelsing, klemming og anna nærkontakt skal avgrensast. Alle føresette og vaksne med ansvar for andre bør jamleg rettleie om personlege hygienetiltak.  Råd frå Folkehelseinstituttet

Hygieneråd

korona5_60x60

Lønskompensasjon til permitterte

Lønskompensasjon for permitterte frå NAV. Arbeidsgjevarar må søkje.

Sjå informasjon på regjeringa sine sider. 

korona5_60x60

Karantene - nasjonalt vedtak

Sist oppdatert 22. september 

Nasjonale retningsliner for karantene - desse skal halde seg heime

Luster kommune hadde lokalt karantenevedtak i perioden 15.03-21.03.20. Det er no dei nasjonale karantenereglane som gjeld.

Sjå eigen pressemelding om oppheva vedtak.

korona5_60x60

Til deg som er avlastar, støttekontakt, treningskontakt

  • Når det gjeld desse tenestene må både tenestemottakar og tenesteytar vere symptomfrie for at du kan utføre oppdraget.
  • De vert oppfordra til å syne omsyn i høve å halde avstand, dvs. ikkje køyre i bil saman med tenestemottakar.
  • I første omgang bør de legge til rette for uteaktivitet. Om ikkje dette let seg gjere, må de syne varsemd og halde ei viss avstand, jf. generelle reglar.
  • De må avtale nærare med brukar/føresette.  
  • Er du som oppdragsytar i tvil om du skal vere saman med tenestemottakar, ta kontakt med konsulent for menneske med nedsatt funksjonsevne, Aud Jorunn Høyheim på 57685715/41635549 som er  å treffe på måndag – fredag mellom kl. 08.00 – 15.00.

Syner forøvrig til generelle hygieneråd for Luster kommune.

korona5_60x60

Lokale hjelpetiltak frå frivillige

Luster kommune er i tett dialog med Luster Røde Kors og Frivilligsentralen og me opplever det som trygt at me har mykje frivillige ressursar i lokalsamfunnet vårt når me treng det.

Ringevenn

Mange sit i karantene, eller må halde seg innandørs for å unngå smitte. Dei kunne hatt glede av ein ringevenn. Ein ringevenn ringer til ein person som er åleine eit par gonger i veka for å prate litt.

Telefonvenn.
Å få ein telefonvenn kan bety mykje for ein som er isolert og bur åleine.
Me søker frivillige som ynskjer å vere ein telefonvenn. Den frivillige må vere fylt 18 år.
Den frivillige har tausheitsplikt og får retningslinjer som skal fylgjast.
Vil du ha ringevenn eller ynskjer å bli ringevenn så kontakt oss.
Luster frivilligsentral tlf. 456 65 954.

Utkøyring av matvarer

Trenger du hjelp til å få køyrt matvarer heim til deg? Frivillige hjelper til med å hente bestilte matvarer på butikken og bringer dei heim til deg. Grunna korona viruset vil matvarene bli satt utanfor inngangsdøra di. Ring Luster Frivilligsentral tlf. 45665954 for nærare avtale.
Aldersgruppe: For alle
Mange sit i karantene, eller må halde seg innandørs for å unngå smitte.
Andre har mista moglegheita for å ta serviceskyssen då dette tilbodet er innstilt inntil vidare.
Dette kan skape utfordringar med tanke på handling av matvarer.                               
Me har frivillige som kan hjelpe med å hente bestilte matvarer på butikken og bringe dei heim til deg.
Den frivillige har tausheitsplikt og får retningslinjer som skal fylgjast.
Luster frivilligsentral tlf. 456 65 954.