Som del av Sogn regionråd og Visit Sognefjord sitt arbeid med å merke Sogn som berekraftig reisemål, er regionen pålagt å gjennomføre ein innbyggjarundersøking som del av arbeidet. 

Ein god plass å bu er ofte ein god plass å besøke. Merket for berekraftig reisemål vil hjelpa oss til å skapa god balanse slik at me kan få begge deler. Me ønskjer å avgrense negative verknader og auke dei positive verknadane av reiseliv og derfor er di meining viktig. Svara dine fra spørreskjemaet vil bli registrert elektronisk. Undersøkinga er utført av Høgskulen på Vestlandet. 

Alle som svarar på undersøkinga er med i trekninga på følgjande 2 premiar: 
- 1 overnatting på Kviknes Hotel m/middag RIB tur med Balestrand Fjord Adventure for 2 personar
- 1 overnatting på Fretheim Hotel m/middag RIB tur med Fjordsafari for 2 personar

Det er frivillig å delta i prosjektet. Dersom du vel å delta, kan du når som helst trekke samtykket tilbake utan å oppgje grunn. Alle personopplysningane dine vil da bli sletta. Det vil ikkje ha nokon negative konsekvensar for deg dersom du vel å trekka deg. Me handsamar opplysningane konfidensielt og i samsvar med personvernregelverket.

Meir informasjon og innbyggjarundersøkinga finn du her.