Byggefeltet Haugåsen er eit gammalt felt frå 1980. Det er framleis fleire ledige tomter i dette feltet. Tomtene er store med ein storleik på rundt 1 til 1,1 daa.  Feltet ligg 245 meter over havet i Jostedalen, i gangavstand til bygdesenteret Gjerde. Det er kort veg til Jostedalsbreen nasjonalpark. Feltet vender mot sør-aust, har utsikt utover dalen og har mykje sol året.

Feltet ligg ca. 300 m frå busstopp og ca. 700 m frå butikk og hotell. Barnehage, skule og samfunnshus er i Krekane, ca. 5 km frå byggefeltet.  Feltet ligg ca. 30 km frå kommunesenteret Gaupne og 61 km frå Sogndal.

Pris på tomt 106 000 kr.

Kart-tomter-2.JPG

Ledige tomter i feltet

Tomt 7   Tomt 8   Tomt 9

Tomt 22   Tomt 23   Tomt 24

IMG_4425.jpg

Google-foto.JPG