Å leike er navet i barnehagedagen, og eigenverdien til leiken skal anerkjennast. Barnehagen skal gje gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling. Personalet skal organisere tid, rom og leikemateriale for å inspirere til ulike typar leik. (Rammeplan for barnehagen, s. 20).
I leiken er det barna sjølv som har sett prosessen i gang. Den blir styrt og strukturert av dei sjølv, og god leik er kjenneteikna ved at barna deltek frivillig. Leiken finn stad overalt der barna er. Dei viktigaste kjenneteikna ved leik er moro, usikkerheit, utfordringar, fleksibilitet og at leiken ikkje har noko mål utover leiken sjølv.