Visma
Desse appane må ein logge på med BankID, og dei heiter "Visma skole - foresatt" og "Visma barnehage - foresatt".
For å søkje og endre barnehageplass og for å søkje sfo-plass, loggar ein inn på eit nettbasert søknadsskjema i "Føresettportalen". Her loggar ein òg på med BankID.
Lenkjer:
Informasjon om barnehageplass
Informasjon om SFO
Føresettportal (søk og endre plass i bhg, søk plass i sfo)
Alle grunnskuleelevar i Luster kommune brukar Microsoft sine program for tekstbehandling, rekneark, e-post med meir. Dvs Office-programma Word, Excel, Outlook, Teams, Power Point osb. Ved å følgje denne lenka, kjem ein til innloggingssida der elevar (og tilsette) loggar på med FEIDE (same brukarnamn og passord som dei loggar på skule-PC'ane med):
Office365
Føresette har ikkje tilgang til Office365, men kan logge inn heimefrå i lag med barnet sitt for å sjå på skulearbeid i lag.