I Jotunheimen finn du dei høgste fjella i Nord-Europa, inkludert Galdhøpiggen (2 469 moh) som er den høgste toppen i Noreg og ein flott tur både til fots og på ski. I nasjonalparken er det godt utbygd nettverk av stiar og DNT-hytter, og eit uendeleg utval av flotte fjelltoppar for deg som er friluftsinteressert. Mange planteartar har sin høgderekord i Jotunheimen. Dersom du er heldig, kan du sjå villrein eller jerv.

Så lenge du ikkje nyttar motorisert framkomstmiddel, kan du ferdast fritt i nasjonalparken. Du er velkommen til setja opp telt, plukka bær og sopp eller fiska (vanlege reglar for fiskekort). Men vis omsyn til dyre- og plantelivet, og legg ikkje att søppel eller andre skjemmande spor etter deg.

I tillegg til Luster har også kommunane Lom, Vågå, Vang og Årdal areal innanfor nasjonalparken.

Verneforskrifta