A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
juleinvite personal

Jula på Indre Hafslo oppvekstsenter

No er det ei veke att til julefreden har senka seg i dei tusen heimar. Me på oppvekstsenteret skal bruke dei siste dagane til å gjere mykje godt arbeid slik at alle er klare til å feire jul saman med sine familiar.

I tillegg til at me skal jobbe godt med fag skal me og setje av tid til kos og hygge. På fredag skal me ha nissemarsj der elevane tek seg ein runde rundt i bygda på leit etter julenissen. Me har ofte funne mange nissar men Julenissen er vanskeleg å finne, kanskje i år vil han vise seg?

Barnehagen har tysdag hatt julekino i skogen med stor hell. Var moro med graut og film ute i det fri.

Tysdag den 22.desember skal me til kyrkjes. Det vert kl.09.45 og det er ope for alle, både foreldre og besteforeldre eller andre som ynskjer det.

Tysdag er og den siste dagen før jul for både barnehagen og skulen. Elevane sluttar til mat mens SFO er open for dei som treng det. Deter ynskje at foreldra gjer beskjed om kor lenge ein vil benytte seg av det.

Me håpar alle får ei fredfull og gledeleg jul

 

Knut

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS