Julefest 2019

Sundag 8. des. var det tradisjonell juletrefest i samfunnsbygget på Veitastrond. Nær 100 møtte til flott pynta sal og det var ei koseleg samling med flott program og god servering. Ungane i barnehagen og skulen sang og dramatiserte, og med innleigd musikar var det flott allsong av tradisjonelle julesongar. Gang rundt juletre og besøk av nissen høyrer òg med på ein julefest.

IMG_5337
IMG_5338
IMG_5339
2019-12-11 Hilde Holte Selland
Tips ein ven  Skriv ut