A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
julefest

Julefest

Så kjekt å få høve til å vere gjest på julefest på Veitastrond skule. Ungane i barnehagen og skulen starta festen med å gå i Luciatog inn i gymsalen, der dei sang "Svart senker natta seg...". Dei eldste elevane leidde dei yngste og alle hadde lys.

Programmet vidare gjekk frå scenekanten med å tenne adventslys, mykje allsong, dramatisering av juleevangeliet, barnehageungane sang 2 songar og til slut song og dramatiserte elevane Kringlevrider Bollesen. Vaksne og ungar gjekk rundt juletreet før matpausa. Arrangementskomiteen serverte nydelege påsmurte bollar, kaffi og julebrus. Istadenfor inngangspeng var det loddsal og fine premiar som julestjerner, twist og julebrus. Ein koseleg fest som blei avslutta med besøk av julenissen!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS