A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Juleførebuingane er allereie i gang...

No går det fort mot 1.desember, og då må peparkakekalendaren vere klar i klasseromma!

Store og små samarbeider om bakinga
Store og små samarbeider om bakinga
Store og små samarbeider om bakinga
Store og små samarbeider om bakinga

På tysdag var det bakedag for 1. og 2. klasse + 5.-7.klasse. Her samabeidde alle, store hjelpte små - og omvendt, så det vart mange peparkaker etter kvart! Mange flotte hjarte vart det steikt, og i tillegg til dei kjende og kjære figurane, såg me også nokre meir eksotiske - som til dømes lama! Det er vel ikkje fritt for at det vart smaka litt på deigen heller, men det høyrer vel til :)

No blir det spennande på tysdag, kven som får trekka dei tre fyrste hjartene i kalendaren <3

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS