«Juleglede» er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike lag og organisasjonar i Luster kommune som bidreg til at familiar med økonomiske utfordringar skal få tilbod om å ta imot ei julegåve.

Julehøgtida handlar i hovudsak ikkje om materielle ting.
Det handlar om å få vere saman med familie, venner og dei ein er glade i.
«Juleglede» kan vere med å bidra til at ein får litt færre bekymringar, at barna får noko dei ynskjer seg, og at jula blir god for alle.
Det er ei høgtid som forsterkar kjenslene våre, både gleder og sorger.
Det kan av ulike årsaker vere ei vanskeleg tid for mange.

Kjøpepress og forventingar kan skape vanskelege tankar for foreldre om å ikkje strekke til, eller at ein ikkje kan gje barna noko dei ynskjer seg til jul.
Me ynskjer å bidra til at alle skal få oppleve ei god jul!

postkasse juleglede.jpgSkjema kan du hente på helsestasjonen i Gaupne.
Det er heilt anonymt, men det er viktig at du oppgir alle nødvendige opplysningar på skjema; antal familiemedlemmer, kjønn og alder på barna.  
Øvste delen av skjema legg du i ei raud postkasse som står på helsestasjonen- merka med juleglede-2020.

Du riv av den nedste delen på skjema og det er viktig at du tek vare på den.
Dette er ein kvittering som skal nyttast når du hentar julegåvene.

Frist for innlevering av skjema er fredag 4. desember i postkassen på helsestasjonen.

Henting av julegåver:

-2. etg Friskhuset i Gaupne ved treningssenteret.
-Tysdag 15. desember og onsdag 16. desember frå kl. 09.00- 15.00.  

Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med Luster Røde Kors - 470 13 690

Vennleg helsing arbeidsgruppa i «Juleglede-20»
med representantar frå Luster Røde Kors, Luster Lions, Luster kyrkjelege fellesråd, Luster frivilligsentral og Gaupne helselag.