Bilde 9

Juleverkstad

I dag var det tid for den tradisjonelle juleverkstaden på Indre Hafslo.Og mange foreldre, besteforeldre og oldeforeldre hadde møtte opp for å hjelpa oss. Heile dagen har me laga julekransar, jobba med filt, småsløyd og baka. Klokka 13.30 samla me oss til Lucia samling i gym salen. 3. og 4.klasse hadde ansvar for samlinga, og i tillegg til Lucia-opptog så sang dei også nokre svenske julesongar. Etterpå var det tid for å smake på baksten, og me avslutta samlinga med allsong. Ein koseleg dag er til ende, og me vil takke alle som møtte opp for å hjelpe oss slik at juleverkstaden blir kjekk for både små og store.

2018-12-13 Sissel Olstad Morken
Tips ein ven  Skriv ut