A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Kampen mot lusa...

Hovudlusa er aktiv i Luster kommune. Det vert stadig vekk oppdaga lus, også ved Hafslo barne- og ungdomsskule. Me på skulen ser det som naudsynt at ALLE er med på å halde lusa vekke!

Hovudlusa er aktiv i Luster kommune. Det vert stadig vekk oppdaga lus, også ved Hafslo barne- og ungdomsskule. Me på skulen ser det som naudsynt at ALLE er med på å halde lusa vekke!

  • Alle i heimen lyt kontrollerast regelmessig.
  • Har ein langt hår, fest det opp med strikk, hårklemmer….
  • Ver obs når borna overnattar hjå kvarandre.
  • Huer, hårband, hårstrikkar, capsar, sykkelhjelmar bør sjekkast jamnleg.
  • Dersom de oppdagar lus, meld frå til skulen og helsestasjon  med ein gang(openheit er viktig).
  • Lusekur, lusekam får ein kjøpt på Apoteket.
  • På helsestasjon får ein god informasjon, og gode råd.

Nyttig nettstad:  http://www.fhi.no/tema/lus

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

OM LUS                        

Holusa lever i 14-20 dagar, og legg omlag 200 egg i løpet av denne tida. Holusa legg egga på sjølve hårstrået, tett inntil hovudbotnen. Egga vert festa til håret med eit kraftig festemiddel som gjer at egga ikkje losnar ved vanlig bruk av børste og kam. Egga klekkast vanlegvis i løpet av 7-10 dagar. Når en lus er klekka, må den ha blod innan 24 timar for å overleve. Lusa blir kjønnsmoden på 7-10 dagar, møter ein lus av motsatt kjønn, og ei ny mengde egg vert produserte. Derfor er mekanisk fjerning av egg helt avgjerende for å bli kvitt hovudlus.

  • Hovudlus er små, vingelause insekt som lever av menneskeblod og treng menneskeblod for å overleve. Dei er krypande insekt, som ikkje kan hoppe, sprette eller fly.
  • Hovudlus er fargelause når de er nyklekka, og utviklar en raudbrun farge når dei har ernært seg på blod.
  • Luseegg er ovale i formen og av gråkvit farge. Når ein oppdagar luseegg, ser ein at dei er festa til håret i ein skrå vinkel.
  • Luseegg kan forvekslast med vanleg flass, men luseegg har alltid samme fasong og er mindre enn eit sesamfrø.
  • Det tek ca. 7-10 dagar for eit egg å klekkast, og 7-10 dager før ei holus når kjønnsmoden alder og sjølv byrjar å legge egg.
  • Hovudlus førekjem oftast hjå barn mellom 5 og 12 år. Barn i denne alderen er ofte veldig fysiske, og likar å bytte luer, skjerf, hårpynt, hjelmar, capsar, headsets og kler. Jenter er spesielt utsatt, av samme grunn.
  • Hovudlus trivst ikkje på dyr; de må ha menneskeblod for å overleve.
  • Mange menneske forbind hovudlus med ureinslegheit eller dårleg personleg hygiene, men kven som helst kan få lus. Lusa foretrekk faktisk reint hår framfor skittent hår.
  • Kløe i hovudbotn er ofte det fyrste tegnet på lus, særleg bak øyrene og i nakkegropa.
  • Hovudlus er ikkje skadeleg, men dei er irriterande og smittsamme!
  • Dersom ditt barn har hovudlus, gi alltid beskjed til helsestasjon, barnehagen eller skulen.
  • Hovudlus har i løpet av dei seinere år utvikla resistens til nokre av lusemidla som tilbys. Nokon har framleis ein god effekt, men uansett om ein brukar eit lusemiddel eller ikkje, er effektiv kamming vesentlig. Mange helsesystre anbefaler nå kun kamming, altså ikkje noko lusemiddel. For å vere sikker på at ingen egg overlever og klekkast, må alle egg fjernast fra hår, klær, sengetøy og håndklær.

Støvsugaren kan vere eit effektivt hjelpemiddel i kampen mot lus. For eksempel kosedyr og annet tekstil i senga, som det er vanskelig å vaske, kan støvsugast grundig for å fjerne egga. Vaskbare tekstilar vaskast på minst 60° og tørkast gjerne i turketrommel. Kam, børste og hårpynt vaskast i varmt vatn dagleg for å fjerne daude lus.  

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS