Nasjonale retningsliner for karantene - desse skal halde seg heime

Lokalt vedtak for Luster kommune:

For å stoppe spreiing av Covid-19 og bidra til å halde i hevd naudsynte helse- og omsorgstenester gjer kommuneoverlegen i Luster kommune søndag 15.03.20 følgjande vedtak, etter smittevernloven § 4-1 femte ledd:

1) alle som kjem til Luster etter reiser i områda som synt i punkt 3, vert pålagd heimekarantene i 14 dagar etter ankomst.

2) For personer som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld dei til einkvar tid gjeldande føringane til styresmaktene for konvertering av karantene til isolasjon.

3) Vedtaket gjeld per 15.03.20 følgjande område: Fylkene Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet, Trøndelag og det geografiske området som tilsvarer tidlegare Hordaland.

Transittopphald på flyplass i desse områda, og direkte heimkøyring i eigen bil frå flyplass vert ikkje rekna som  opphald i området.

Vedtaket vert gitt tilbakeverkande kraft frå og med 12.mars.

Reisande som ikkje har symptom kan reise til planlagd opphaldssta, men skal under reisa så langt det let seg gjere halde avstand til andre.

Reisande med symptom skal umiddelbart i isolering, og kan ikkje nytte offentleg transport.

Leiing av verksemder som er lista etter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjoner (sjå lenke) vert gitt adgang til å gjere unntak for eige symptomfritt nøkkelpersonell når dette er strengt naudsynt for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjoner. Vedtaket har verknad frå 15.03.2020 og gjeld inntil nytt vedtak er fatta.

Rettslig grunnlag

Smittevernloven § 4-1 femte ledd gjev kommuneoverlegen, i kommunestyret sin stad, heimel til å sette i verk ulike tiltak i hastesaker, når det er naudsynt for å førebygge ein allmennfarleg smittsam sjukdom eller motverke at den vert overført i befolkninga. Aktuelle tiltak går fram av bestemmelsens første ledd bokstavane a til e.

Grunnleggande krav ved iverksetting av tiltak etter § 4-1 går fram av smittevernloven § 1-5: "Smitteverntiltak etter loven skal være basert på en klar medisinskfaglig begrunnelse, være nødvendig av hensyn til smittevernet og fremstå tjenlig etter en helhetsvurdering. Ved iverksettelse av smitteverntiltak skal det legges vekt på frivillig medvirkning fra den eller de tiltaket gjelder.

Tvangstiltak kan ikke brukes når det etter sakens art og forholdene ellers vil være et uforholdsmessig inngrep."

Det vert og synt til Helse og omsorgsdepartementet vedtak av 13-03-20 om Forskrift om karantene mv. etter reiser utenfor Norden

Grunngjeving

Covid-19 er erklært som eit alvorleg utbrot av allmennfarleg smittsam sjukdom som kan få alvorlege helsekonsekvenser for mange mennesker. Sjukdomen er og erklært som ein pandemi og ein alvorlig hending av betydning for internasjonal folkehelse av WHO.

Helsedirektoratet vedtok 12.03.20 omfattande tiltak for å hindre spreiing av Covid-19 og for å bidra til å halde i hevd naudsynte helse- og omsorgstenester.

Her vert det mellom annan sagt:

“Helsedirektoratet ønsker at innenlands transport skal gå mest mulig som normalt, men vi oppfordrer sterkt alle til å unngå fritidsreiser.

Vi oppfordrer til å unngå reiser som ikke er strengt nødvendig (både innenlands og utenlands), unngå offentlig transport hvis du kan, unngå andre steder hvor du lett kommer nær andre, unngå nærkontakt med andre.”

Covid-19 epidemien har i dag ulik omfang i Norge. Folkehelseinstituttet har uttalt at epidemien no har gått over i ein ny fase der ein ikkje har klart å identifisere smittekjeden for alle som vert sjuke. Dette inneber at ikkje alle nye smittetilfeller lenger let seg spore til utlandet.

I Luster kommune og nedslagsfeltet til Helse Førde er smittepresset truleg framleis lågt. Vi har i kommunen 1 kjend smittetilfelle der ein har kontroll på aktuelle nærkontakter. Tilsvarande er det i regionen som tilsvarer tidlegare Sogn og Fjordane totalt 10 kjende smittetilfelle som alle er gjort greie for. Dette gjer vår region til eit av områda i Norge med lågaste smittepress. Med dei nye retningslinjene som no er innført, risikerer vi raskt å miste denne kontrollen om vi ikkje få regulert smittepresset frå utanfor regionen. Kommuneoverlegen ser det som avgjerende å redusere denne risikoen ved dette vedtaket. Kommunen generelt og helse og omsorgstjenesten spesielt har begrensa kapasitet. Vidare er det maktpåliggande å beskytte sentralsjukehuset i Førde på best mogeleg måte.

Kommuneoverlegen ser dette vedtaket som ei naturleg følgje av Folkehelseinstituttet sine tilrådingar, og Helsedirektoratet sitt nasjonale vedtak.

I den noverande situasjonen er det naudsynt å førebyggje og motverke spreiing av covid-19 og det er avgjerande å få satt i verk tiltak raskt. Tiltaket vert vurdert som naudsynt både for å beskytte sårbare grupper og for å halde i hevd naudsynt kapasitet i helsetenesta.

Forbodet gjeld for Luster kommune med mindre anna særskilt vert bestemt.

Kommuneoverlegen vurderer at smitteverntiltaket har ein medisinskfaglig grunngjeving, er naudsynt av hensyn til smittevernet og for å halde i hevd tilstrekkelig smittvernkapasitet i kommunen og i helse- og omsorgstenesta. Tiltaket vert difor vurdert som forholdsmessig og teneleg utfra ein heilskapsvurdering.

Etter kommuneoverlegen si vurdering vil den samfunnsmessige nytten ved smitteverntiltaket overstige den belastning og ulempe for dei tiltaket gjeld. Frivillig medverknad er vektlagt i vurderinga.
 

Knut Cotta Schønberg
Kommuneoverlege/Helsesjef
Luster kommune