Elevkveldar hausten 2015

Luster ungdomsskule har tradisjon for å arrangere elevkveld for alle trinn siste fredagen i månaden. Fyrste elevkvelden i haust vil bli fredag 25.september kl 19.30-23.00. Klassetrinna rullerar på å ha ansvar for kveldane. Det vert kiosksal, FIFA, musikk/dans og litt program frå elevane sjølve. FAU stiller med vakter, og miljøterapeut og assisterande rektor vil og vere til stades.

Velkomen til ein triveleg kveld på skulen! 

2015-09-09 Susanne Heen Veum
Tips ein ven  Skriv ut