I medhald av § 20-5 i Plan og bygningslova vedtok Luster formannskap i møte den 28. august 2019 å leggja framlegg til ny kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv ut til offentleg ettersyn.

Kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2020 – 2032 er ein temaplan og del av kommuneplanen for Luster kommune. Planen har som mål å gje brukarane både informasjon om og innsikt i denne type temaplanlegging. I tillegg skal den gi innsikt i strategiske mål for Luster kommune og verka som eit hjelpemiddel for lokal prioritering og sakshandsaming av investerings-budsjett og økonomiplanen til kommunen.

Planen inneheld oversiktar over tilhøva på sektoren i heile kommunen, og kjem med framlegg til prioritering av tiltak. Denne planen legg opp til å stetta krava i forhold til statlege og kommunale tilskotsordningar.

For spørsmål vedk. planarbeidet kan kultursjef Erling Bjørnetun kontaktast.

Eventuelle merknader skal innan 30. sept. 2019 sendast skriftleg til:

Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868 GAUPNE.

 

Plandokument:

Kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2020-23, pr. 28.08.19

Oppdatert liste med innspel inkl. kommentarar pr. 11. juli 2019

Presentasjon av innspel pr. 11.07.19

Vedlegg 1 Handlingsplan Meir fysisk aktivitet 2020 -

Vedlegg 2 Handlingsplan 2020-2023 nærmiljøanlegg

Vedlegg 3 Handlingsplan 2020-2023 ord.anl. pr. 12.08.19

 

Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2019 – 2027, kunngjering om oppstart av planarbeid

I samsvar med kommunestyret sitt vedtak om Planleggingsprogram for 2019, er det med heimel i Kommunal planstrategi , jf. K-sak 16/64, gjort fylgjande vedtak:

Plan

Vedteken

Kommentarar

Ny plan

Ansvar

Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016 – 2027.

2015

Grunnlag for kommunale tilskot + søknad om statstilskot til anlegg.

Sist revidert 2016. Ny revisjon 2019.

Kultur

Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2019 – 2027

Arbeidet med revisjon av planen er starta opp med sikte på å utarbeida ein ny 12 års plan med ein fireårig handlingsplan gjeldande frå 2020.

Frist for å koma med innspel til planarbeidet er sett til 1. mai 2019.

Skjema for innspel

Arbeidet vert leia av ei administrativ plangruppe, under leiing av kultursjef Erling Bjørnetun, og som til sitt arbeid også kan utvidast med representantar frå idrettsrådet og friluftslivet.