Føremålet med kulturminneplanen er å:

  • gje rammer for kommunen si verksemd på kulturminneområdet
  • visa kva oppgåver kommunen skal i vareta på både lokalt, regionalt og nasjonalt plan
  • vera eit styringsverktøy for prioriterte satsingsområde innan kulturminnevernet.

Kulturminneplanen er ein tematisk kommunedelplan og er ikkje juridisk bindande. Målet er at kommunestyret handsamar planen i møte i september.
Kulturminne som er prioriterte i kulturminneplan vert også prioritert ved søknader til m.a.  kulturminnefondet og Vestland fylkeskommune. Luster kommune oppmodar sterkt om innspel på kulturminne som bør takast vare på m.a. av omsyn til søknader om finansiering.

Plandokument:
Kommunedelplan for kulturminne
Vedlegg til kommunedelplan for kulturminne

Spørsmål knytt til planframlegget kan rettast til:
Plansjef Knut Vidar Svanheld, tlf 57 68 55 07, e-post: knut.vidar.svanheld@luster.kommune.no

Merknader / innspel vert sendt til:
Luster kommune, Postboks 77, 6866  GAUPNE
eller til  postmottak@luster.kommune.no
eller på elektronisk høyringsskjema her .

Høyringsfrist for kulturminneplanen vert utsett til 1. august.