Kunngjering av revidert plan

Kommunedelplan trafikktrygging er ein temaplan som er handsama etter reglane i plan- og bygningslova. Målet med planen er at talet på trafikkulykker i Luster kommune vert redusert. Kommunedelplan for trafikktryggleik er først og fremst eit planverktøy. Ved å setje eit overordna fokus på trafikktryggleik generelt og eit detaljert fokus på stader ein bør betre trafikktryggleiken, vil planen vera eit viktig arbeidsverktøy for alle som arbeider med samferdsle, planlegging og trafikktryggleik i kommunen. For å kunne søkje om fylkeskommunale trafikktryggingsmidlar må kommunen ha ein gjeldande og oppdatert kommunal plan for trafikktrygging. Hovudplanen skal reviderast kvart 8. år. Handlingsprogrammet skal reviderast i kvar valperiode, dvs. kvart 4. år.  

Kommunedelplan trafikktrygging er tilgjengeleg på nett på denne linken