Luster kommune har starta arbeidet med revisjon av kommuneplanens samfunnsdel, i tråd med kommunal planstrategi 2020-2023. Som ledd i planprosessen er det utarbeidd eit planprogram. Planprogrammet skal gjere greie for:

  • Føremålet med planarbeidet
  • Planprosessen – deltakarar, fristar opplegg for medverknad
  • Skildring av evt. alternativ som vert vurdert
  • Behov for utgreiingar

Føremålet med samfunnsdelen er å dra opp dei langsiktige utviklingslinjene og prioritera oppgåver som kommunen skal løysa. Planprogrammet skal leggja til rette for ein god planprosess, og skapa best mogeleg rammer for arbeidet.

Kommunen ynskjer å få til brei involvering av innbyggjarar, lag og organisasjoner i arbeidet med samfunnsdelen, slik at det kan bli eit godt forankra styringsdokument for utviklinga i kommunen. Planprogrammet vert fastsett av kommunestyret.

For ytterlegare informasjon, sjå planprogrammet som er tilgjengeleg på nett: https://pub.framsikt.net/plan/luster/plan-planprog/#/

Saksframlegg: https://www.luster.kommune.no/ato/esa62/document/framlegg-saknr126_2020-cat391486-mid8365_a684c9f5f5.20068055d20068055.fc0a83b7fd.pdf

Møteprotokoll: http://www.luster.kommune.no/ato/esa62/document/moeteprotokoll-moete-i-formannskapet-og-naeringsutvalet-den-09-12-2020-cat391486-mid8365_a684c9f5f5.20070228d20070228.7a2ec0b6ff.pdf


Innspel eller synspunkt til planprogrammet kan sendast til kommunen

på e-post til postmottak@luster.kommune.no

eller på elektronisk høyringsskjema

eller i post til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne

innan 4. februar 2021.