I medhald av Plan og bygningslova § 11-14, jf §11-1 og 5 har Kommuneplannemnda i Luster i møte 27.03.2019 i sak 25/19 vedteke å leggje framlegg til revidert arealdel av kommuneplanen ut til 2. gongs offentleg ettersyn Hovudføremålet med arealdelen er å leggja til rette for ei overordna styring av arealbruken i Luster kommune.

Kommuneplanen sin arealdel  er ein juridisk bindande plan som skal leggjast til grunn ved planlegging, forvaltning og utbygging jfr Plbl §§11-7, nr 1-6, og omfattar alt areal i Luster kommune. Den juridiske delen av planen omfattar:

Retningslinjer og «Oppfylgjande planoppgåver» er ikkje bindande, men førande for administrasjon og folkevalde.

Dersom høyringsrunden ikkje medfører vesentlege endringar av planen, er det ei målsetjing at arealdelen skal handsamast og vedtakast av kommunestyret 13. juni 2019. Framdriftsplanen er slik:

 27. mars              formannskapet – vedtak om utlegging

29 mars               Kunngjering off ettersyn

10. mai                 frist for merknader

30. mai                 utsending formannskapet

6. juni                   formannskapet handsaming

13. juni                 Kommunestyret - vedtak

Sjå planen i kommunekartet (Trykk «Kartlag» oppe til venstre, velg "Kommuneplan på høring"). Du kan også sjå i kartet nedanfor

Spørsmål knytt til planframlegget kan rettast til:

Kommuneplanleggjar Torunn Løne Vinje, tlf 57 68 55 93, e-post: torunn.lone.vinje@luster.kommune.no

Plansjef Arne I. Lerum, tlf 57 68 55 07, e-post: arne.i.lerum@luster.kommune.no

Merknader skal sendast til: Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868  GAUPNE eller til  postmottak@luster.kommune.no

Mitt kart

 

Kommuneplanen sin arealdel 2018-2029 - Offentleg ettersyn

Luster formannskap/kommuneplannemnda har i møte 19.09.2018 18/86 gjort dette vedtaket:
I medhald av reglane i § 11-14   jf § 11-4, i plan- og bygningslova, vert framlegg til revidert arealdel lagt ut til offentleg ettersyn og oversendt overordna planfaglege mynde for vurdering.

Kommuneplanen sin arealdel er ein juridisk bindande plan som skal leggjast til grunn ved planlegging, forvaltning og utbygging og omfattar alt areal i Luster kommune. Den juridiske delen av planen omfattar:

  • Plankart
  • Føresegner

Spørsmål knytt til planframlegget kan rettast til:
Plansjef Arne I. Lerum, e-post arne.i.lerum@luster.kommune.no – tlf 57 68 55 07 
eller
Planleggar Inger Handegård, e-post inger.handegard@luster.kommune.no – tlf 57 68 55 91

Merknader skal sendast til Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868  GAUPNE eller post@luster.kommune.no innan 9. november 2018.

Planomtale med føresegner

Konsekvensutgreiingar

Saksprotokoll 

Saksutgreiing

Ikkje tilrådde tiltak

Plankartet finn du på www.kommunekart.com Ved å bruke linken https://www.kommunekart.com/?urlid=d302170beff24879a9fe9087db164016 kjem du direkte i kommuneplanen som er på høyring.

K-plan-2.JPG