Luster formannskap har i møte 22.11.2021 (sak 146/21) vedteke å leggja forslag til «Kommuneplanen sin samfunnsdel 2022-2034» ut til offentleg ettersyn.

Kommuneplanen sin samfunnsdel skal vera kommunen sitt overordna styringsdokument dei neste åra. Føremålet med planen er å få fram tydelege politiske prioriteringar for utviklinga i kommunen.

Planen har fire satsingsområde som Luster kommune vil satse ekstra mot. Under desse følger mål for kva kommunen ynskjer å oppnå, og alternative strategiar for å nå desse måla. Mål og strategiar vil vera førande ved utforming av underordna temaplanar, økonomiplanen og kommuneplanen sin arealdel. Planen rullerast vanlegvis kvart fjerde år.

Samfunnsdelen er utarbeida i den digitale planløysninga Framsikt. Du kan lese planen gjennom følgjande lenke: Forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel 2022 – 2034 for Luster kommune 

Innspel til planen kan sendast til Luster kommune innan 1. februar 2022.

Send innspel

ev. postmottak@luster.kommune.no 


Andre relevante dokument:

Saksframlegg for formannskapet 

Møteprotokoll frå behandling i formannskapet 

Grunnlagsdokument klima

Medverknadsrapport

Varsel om oppstart. Frist for innspel 4. februar 2021.

Formannskapet i Luster kommune vedtok i sak F-sak 126/20 å varsle oppstart av arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel saman med utlegging av planprogram for samfunnsdelen til høyring og offentleg ettersyn. Vedtaket er gjort med heimel i plan og bygningsloven § 11-13, jf også § 4-1. 

Luster kommune har starta arbeidet med revisjon av kommuneplanens samfunnsdel, i tråd med kommunal planstrategi 2020-2023. Som ledd i planprosessen er det utarbeidd eit planprogram. Planprogrammet skal gjere greie for:

  • Føremålet med planarbeidet
  • Planprosessen – deltakarar, fristar opplegg for medverknad
  • Skildring av evt. alternativ som vert vurdert
  • Behov for utgreiingar

Føremålet med samfunnsdelen er å dra opp dei langsiktige utviklingslinjene og prioritera oppgåver som kommunen skal løysa. Planprogrammet skal leggja til rette for ein god planprosess, og skapa best mogeleg rammer for arbeidet.

Kommunen ynskjer å få til brei involvering av innbyggjarar, lag og organisasjoner i arbeidet med samfunnsdelen, slik at det kan bli eit godt forankra styringsdokument for utviklinga i kommunen. Planprogrammet vert fastsett av kommunestyret.

For ytterlegare informasjon, sjå planprogrammet som er tilgjengeleg på nett: https://pub.framsikt.net/plan/luster/plan-planprog/#/

Saksframlegg 

Møteprotokoll


Innspel eller synspunkt til planprogrammet kan sendast til kommunen

på e-post til postmottak@luster.kommune.no

eller på elektronisk høyringsskjema

eller i post til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne

innan 4. februar 2021.