Kunngjering av revidert plan

Alle kommunar er lovpålagt å ha vedteke ein kommuneplan som består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Desse skal utarbeidast i medhald av plan- og bygningsloven, og plan- og bygningsloven pålegg kommunane å gjere ei vurdering av kommuneplanen i løpet av kvar kommunestyreperiode.

Samfunnsdelen til kommuneplanen er det øvste styringsdokumentet i planhierarkiet til kommunen. Planen set mål for kommunen som samfunn og for kommuneorganisasjonen, og den fremjar strategiar for korleis kommunen skal nå måla. Planen har eit 12 års perspektiv, men vert normalt revidert kvart 4. år. 

Hovudformålet med kommuneplanen er å gje kommunen ein tydeleg og politisk forankra retning for arbeidet vidare, med bakgrunn i innbyggjarmedverknad, administrasjonen sine vurderingar og oppdaterte føringar og lovverk frå overordna myndigheiter. Det er lagt stor vekt på medverknad i planarbeidet.

Planen har 4 satsingsområde. Dei tilhøyrande måla og strategiane skal følgjast opp i underliggande planverk. Ved denne revisjonen har samfunnsdelen blitt utarbeida i det digitale plansystemet Framsikt, som skal fremje oppfølginga av planen fordi mål og strategiar kan hentast inn og konkretiserast i underliggande kommunale planar og i økonomiplanen. Denne koplinga mellom planane vil også betre rapporteringa.

Økonomiplanen skal vere samfunnsdelen sin handlingsdel. Samfunnsdelen vil også vere eit viktig grunnlag ved revisjon av kommuneplanen sin arealdel. Arbeidet med denne startar opp til hausten.

Kommuneplanen sin samfunnsdel er tilgjengeleg på nett på denne linken