Næringsutvalet gjorde i møte den 7.4 vedtak om å løyve midlar til verksemder som er hardt råka av pandemien. Under ligg informasjon om ordninga.  Tiltaka som skal gjennomførast skal motvirke negative verknader av pandemien. Det er og sett opp kva verksemder som vert prioritert, korleis søknaden skal setjast opp, kva som kan vere innhaldet i det som vert søkt finansiert. Det er og krav til vedlegg som syner kva verksemda har fått i ulike kompensasjonsmidlar frå anna hald, og rekneskap for 2020. Søknadsfrist 5. mai. Næringsutvalet handsamar søknadene i møte den 19.5.

Vedtak:
«Luster kommune løyver kr 1 000 000 frå næringsfondet i tillegg til midlane frå Kommunal og moderniseringsdepartementet som er kr 477.000, til saman kr 1 477 000. Desse midlane skal løyvast som tilskot til verksemder som er råka av koronapandemien. Tildelinga skal prioriterast etter dei føringane som ligg i saksutgreiinga i denne saka.

Luster kommune har fått kr 477.000 for vidare utdeling til næringsliv som er råka av koronapandemien. I brevet frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet heiter det ma: «hensikten med tilskuddet er å sette kommunene bedre i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale virksomheter som er hardt rammet av lokale eller nasjonale smitteverntiltak».
«Virksomheter som helt eller delvis har fallt utenfor kompensasjonsordningene.»

Det er spesielt nemnt fylgjande verksemder i brevet: «Virkomheter innefor reiselivs-, arrangements-, og serveringsnæringene». «Støtte til destinasjonsselskaper, autoriserte besøkssentre for natur og verdensarv» Det står og i brevet: «Kommunene har betydelig frihet til å tilpasse hva slags virksomheter de kan støtte avhengig av den lokale situasjonen.»

477.000 kr er ein avgrensa sum. Rådmannen vurderte det i utganspunktet slik at i utlysinga av midlane skulle det vere ei klar prioritering, slik at mange bedrifter ikkje trong å nytte ressursar på å skrive søknader som ikkje vert stetta. Det vart likevel lite midlar å dele ut. Etter at det no den 23.3 kom nye strenge smitteverntiltak som råkar reiselivet særleg sterkt på nytt, vil rådmannen tilrå at Luster kommune legg til 1 mill kr frå næringsfondet, slik at det vert kr 1 477 000 som kan søkast på. Ut frå den situasjonen vi er i vil rådmannen tilrå at dei 1 477 000 kr vert fordelte etter slik prioritering:

Destinasjonsselskapet Visit Sognefjord har alt sendt ein søknad til kommunane i Sogn med ei fordeling på søknadssum etter same mal/fordeling mellom kommunane som dei årlege tilskota frå kommunane til selskapet. For Luster kommune er det søkt om kr 100.000. Dette skal hovudsakleg gå til ekstraordinær marknads- og salsaktivitet i reiselivet når samfunnet (og særleg grensene) opnar att. Produksjonsapparatet til næringa er klar til å setjast i sving, så når det vert høve til å reise både for innanlandske turistar og særskilt utanlandske er det viktig at næringa har ressursar til marknadsaktivitet og sal. Luster yter tilskot under føresetnad av at dei andre kommunane i regionen prioriterer ei slik satsing

Autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv er nemnt særskilt i løyvingsbrevet. Breheimsenteret er eit autorisert nasjonalparksenter. Det vert arbeidd med å etablere eit autorisert verdsarvsenter på Urnes. Desse vil ha prioritet i søknadsvurderinga.

Aktivitetsbedrifter i reiselivet. Eit av særtrekka ved reiselivsnæringa i Luster kommune er mange aktivitetsbedrifter med gode produkt og der det er høg kompetanse på dei som eig og jobbar i selskapa. Fleire av desse verksemdene har vore i oppstartingsfase og har hatt ein relativt marginal økonomi også før pandemien. Aktivitetsbedriftene hadde ein svært krevjande sesong i 2020. Aktivitetsbedriftene leverer produkt som er viktige for overnatting- og serveringsbedriftene. Det er vesentleg at aktivitetsbedriftene har ressursar til å komme i gang med sin aktivitet når det vert opna opp for reising. Luster kommune vil prioritere desse selskapa i denne utdelinga.

Andre reiselivsverksemder Dei aller fleste overnattings- og serveringsbedriftene har merka pandemien betydeleg. Desse vil og kunne søke på midlane. Andre verksemder som er hardt råka av pandemien kan søke.

Fylgjande retningsliner vil gjelde for løyve av midlar: Inntil kr 80.000 pr bedrift i tilskot. Alle verksemdene må sende eigne søknader til Luster kommune. Tiltaka som skal gjennomførast skal motvirke negative verknader av pandemien, det må gå fram i søknaden. Søknaden må innehalde eit oversyn over det som er planlagt gjennomført med kostnader, og korleis dette er planlagt å bli finansiert. Søknaden med vedlegg er eit offentleg dokument. Verksemda sitt organisasjonsnr må oppgjevast i søknaden. Tilskota vert løyvd som bagatellmessig støtte.

Aktuelle tiltak som kan søkast finansiert er:

-mindre investeringar/oppgradering (produktutvikling)

-spesielle marknadstiltak/salstiltak

-kompetanseheving/kurs/sertifisering av tilsette

-kvalitetssikring av verksemda sin aktivitet

Tilskotet skal dekke max 50 % av kostnaden, eige arbeid max 25% av kostnaden og det skal vere minimum 25% i eigenkapital og/eller banklån. Eige arbeid kan setjast til kr 350 pr time i søknaden. Verksemdene som søkjer må legge ved rekneskap for 2020 (eventuelt førebels rekneskap 2020). Det må i søknaden takast med eit oversyn over det verksemda har fått løyvd av statlege kompensasjonsmidlar frå pandemien starta, tilsagn frå Innovasjon Norge siste året og tilsagn frå Luster kommune frå førre løyvingsrunde av koronamidlar.

Søknad og eventuelle spørsmål kan sendast til næringssjef olav.grov@luster.kommune.no, tlf 97764587.