Reiselivsnæringa har prioritet og det er slike føringar for denne søknadsrunden:

Det kan løyvast inntil kr 150.000 pr bedrift i tilskot. Kommunal og moderniseringsdepartementet krev at alle interesserte verksemder må sende eigne søknader ved å nytte www.regionalforvaltning.no (supporttelefon 41009000). Der skal verksemdene søke under ordninga «Kompensasjonsordning 4 – Luster kommune».

Tiltaka som skal gjennomførast skal vere retta mot vidareutvikling av bedrifta etter pandemien. Aktuelle tiltak som kan søkast finansiert er:

-mindre investeringar/oppgradering (produktutvikling) med tanke på å auke særleg internasjonal trafikk etter pandemien

-spesielle marknadstiltak/salstiltak

-kompetanseheving/kurs/sertifisering av tilsette

-kvalitetssikring av verksemda sin aktivitet

Tilskotet skal dekke max 50 % av kostnaden, eige arbeid max 25% av kostnaden og det skal vere minimum 25% i eigenkapital og/eller banklån. Eige arbeid kan setjast til kr 350 pr time i søknaden.

 

Søknadsfristen er 18.11.21