Næringsutvikling.jpg

Målgruppa for midlane er bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar. Det vert gjennomført ein søknadsrunde for fordeling av midlane med søknadsfrist 10.09.
Næringsutvalet i Luster kommune prioriterer desse næringsmidlane slik:

-Aktivitetsbedrifter i reiselivet er viktig for heile reiselivsnæringa, søknader om finansiering av utviklingsprosjekt frå slike bedrifter vert prioriterte.
-Andre bedrifter innafor reiselivet skal og ha prioritet, det skal vere utviklingsprosjekt, gjerne samarbeid mellom to eller fleire bedrifter.
Det vert ikkje gjeve tilskot til marknadsføring til einskildbedrifter i reiselivet.
-Innafor handel vil fellestiltak innan marknadsarbeid og kompetanseheving vere prioritert.
-Verksemder innan foredling av lokale råvarer, som har aktuelle utviklingsprosjekt vil og vere prioriterte.
-Andre gode prosjekt vil og vere aktuelle for støtte. Noko av den samla potten vil bli nytta mot regionale tiltak; til dømes felles opplæringstiltak, felles marknadsføring i reiseliv
gjennom Visit Sognefjord, felles tiltak for rekruttering. Visit Sognefjord arbeider no med ein søknad om ekstramidlar til marknadsarbeid til alle kommunane i regionen.

Det kan søkast om midlar til både bedriftsutvikling og investeringar. Tilskota skal som hovudregel ikkje overstige 50% av kapitalbehovet.
Øvre beløpsgrense for utbetalt tilskot er kr 150.000 pr verksemd/prosjekt.

Vestland fylkeskommune har som føring at i vurderinga av søknadane skal det særskilt leggast vekt på:

  •  i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial​
  •  i kor stor grad ein reknar med at tiltaket vil kunne motverke dei negative verknadane av covid-19-utbrotet
  • kor raskt tiltaket kan setjast i gang. Informasjon om dette må framkome i søknadane.

Søknad skal sendast via www.regionalforvaltning.no. Søknadsfrist 10. september. Spørsmål om ordninga kan ein rette til næringssjef olav.grov@luster.kommune.no, tlf 97764587.