No er det vaksinasjon med 1. dose som er fyrste prioritet. Dette for å beskytte flest mogleg mot Delta-varianten og dermed mot alvorleg sjukdom. 
Luster kommune oppmodar igjen alle lustringar til å tinge seg time for vaksinering fyrstkomande  onsdag 11. august for å beskytte seg mot den aktuelle Deltavarianten. 

Rask smittesporing og identifikasjon av nærkontaktar er nødvendig for at smitten ikkje spreier seg for fort FØR vi får sett 1. vaksinedose. 

Vi håpar på framleis dugnad og forståing for dette.
Luster kommune held fast på oppmodinga om at vaksinerte bør opptre som uvaksinerte. Sjå oppmodinga frå kommunen.

Vi takkar for massiv dugnad og eigeninnsats så langt, samt forståing for strategien vår. Vi oppmodar om å halde ut ei stund til, til vi har fått vaksinert flest mogleg med 1. dose.