Elevar i 10. klasse møter på skulen tysdag 18/1 etter sjølvtesting same morgon. Alle andre elevar på skulen testea seg 17/1 og 20/1, dei er på skulen som vanleg dersom dei har negative testar.

Alle har fått utlevert sjølvtestar.

Dei andre skulane og barnehagane er på grønt nivå.

Vaksine

Luster kommune har no sett 10.470 koronavaksinar. 42,5% av innbyggjarane har fått 3. dose. I gruppa 65+ er det  meir enn 90% som har fått dose 3. Vi har godt med vaksinar. Hugs at det må gå minimum 20 veker mellom dose 2 og dose 3.

Vi ber om at dei som ikkje har fått dose 1 eller 2 om å bestille vaksinetime eller møte på drop-in.


Varsle nærkontaktane dine 

Vi oppfordrar alle med positiv sjølvtest å varsle eigne nærkontaktar og be dei om å teste seg. Nærkontakt er dei som har vore mindre enn 2m frå ein i minst 15 minuttar. Dei sjuke vil kunne ha smitta andre i inntil 48timar før dei sjølve blei sjuke.

Alle med positiv sjølvtest skal ta kontakt med legekontoret eller koronatelefonen for å bli satt opp til pcr-test. Alle med positiv test skal i lovpålagd isolasjon.

Regjeringa lettar på tiltaka  - regjeringen.no