Smittestatus 4. juni: Luster kommune er i risikonivå 1 som er det lågaste. Ingen har fått påvist sjukdom.
Tidlegare har Luster kommune til saman hatt 16 smittetilfelle.

Vaksinestatus 4. juni: Vi har sett 2918 vaksinar, 1757 har fått første dose, 1161 har fått 2 dosar og er fullvaksinerte. Det er ikkje registrert alvorlege komplikasjonar. Vi ligg bra an i forhold til snitt land og naboar.

graf.JPG
Vi får 192 dosar 9/6 (114 til 2. dose og 78 dosar til ny vaksinering) og 16/6 (114 til 2. dose og 120 dosar til ny vaksinering). Vi vaksinerar berre med Biontech-Pfizer. Det er fortsatt ikkje motteke prognosar for vaksinetildeling neste 4 veker.

Kor langt er me komne med vaksineringa?

Gruppa 85+ er ferdig vaksinerte, 85% av aldersgruppa har takka ja.
Gruppa 75+ er ferdig vaksinerte, 94% av aldersgruppa har takka ja.
Gruppa 65+ samt risikopasientar blir ferdigvaksinerte 9/6. 95,1% av aldersgruppa har takka ja og fått dose 1.
9/6 startar vi med gruppa friske  55+ (prioriteringsgruppe 8). I denne aldersgruppa er det 666 personar, 38,5% har fått dose 1 og 86 personar dose 2. Vi vil halde fram med prioriteringsgruppe 8 langt ut i juni, avhengig av vaksineleveransane.

Frå og med prioriteringsgruppe 8 (startar 9/6) går vi over til sjølv booking på HelseNorge. Dette blir måten å få koronavaksine på framover. Vi sender ut SMS til dei aktuelle aldersgruppene og då gjeld prinsippet førstemann til mølla.

Dei som ikkje kan bruke HelseNorge skal ta kontakt med vår Koronatelefon 906 72 675 når dei har fått sms.

Ingen system vil fange opp alle innbyggjarar på rett tid. Dei få som opplever seg gløymde må ta kontakt med vår Koronatelefon.

Luster kommune har no planlagt vaksinering gjennom sommaren. Innbyggjarar som ikkje kjem til tildelt time eller ber om utsetjing av dose vil risikere å vente lenge. Vi kan ikkje ta vaksinar frå andre. Alle dosar blir fordelte rettferdig etter prioriteringsreglane. Berre om vi på vaksinasjonsdagen har overskot på vaksinar kan vi ringe dei som manglar vaksine. Målet er at flest mogleg av våre innbyggjarar skal beskyttast med minst 1 dose.