Dei som ikkje har fastlege i Luster eller som treng hjelp av andre grunner kan ringe vår Koronatelefon 906 72 675

Dei som tidlegare har fått beskjed om at dose 2 skulle vere etter 12 veker; vil alle få melding om å bestille time til vaksinasjon. Vi går nå ned til 4 vekers intervall mellom dosane.

Vi vil tilby vaksinasjon på dagtid og kveldstid.

Når dei over 18 år har fått tilbod om dose 2, vil vi starte med ungdom 16-17 år. Vi har satt av laurdag 18. september kl 10-12 for denne gruppa. Da kan alle som går på skule utanfor kommunen rekke vaksineringen.

Gravide er anbefalt vaksinering når dei er over 12 veker i svangerskapet.

 

Onsdag 25/8 vaksinerar vi 210 dosar Pfizer, desse dosane er no oppbestilt.

Torsdag 26/8 vaksinerar vi 400 dosar Moderna. Vaksinasjon er kl 11.30-16.30.

Måndag 30/8 vaksinerar vi 400 dosar Moderna. Vaksinasjon er kl 15.00-19.30

Onsdag 1/9    vaksinerar vi, men tal dosar er usikkert pr i dag.

Torsdag 2/9   vaksinerar vi, men tal dosar er usikkert pr i dag.

På slutten av vaksinasjonsdagane vil det vere mogleg å nytte «drop-in» om vi har ledige vaksinar. Mest sannsynleg vil vi ha ein del dosar til dette.