Informasjon og status

Luster legekontor har noko ventetid på grunn av smitteutbrot. Me ber om forståing for ventetid og ber om at du ventar med henvendelsar som KAN vente til etter fellesferien. Planlagde timar vert ikkje utsette og du kan tinge legetime som vanleg på 57685600. Dersom du ynskjer det kan du også tinge ein videokonsultasjon med legen i staden for å møte opp på legekontoret.

Trykk her for å bestille korona-test
Tenesta krev innlogging via Bank-ID. Dersom du ikkje har moglegheit til å bestille på nettet, ringer du på 906 72 675. (08.00-15.00). Oppmøtestad er teststasjonen utanfor helsesenteret ved ambulanse-inngongen. Vi oppmodar alle til å kome i eigen bil.

Legevakt kan du ringe på 116117. Merk at legevakt er for akutt helsehjelp.

Søk informasjon på regjeringen.nowww.fhi.no og www.helsenorge.no
Du kan sende spørsmål til e-postadresse korona@luster.kommune.no eller ringe 906 72 675.


Vaksinering:

Det er no opna opp for at alle, uansett alder kan tinge 1. vaksine her i Luster. Me oppmodar alle som ikkje har fått fyrste vaksinedose om å bestille time til vaksinering så snart som råd, 4. eller 11. august. evt. seinare. Det gjer du på www.helsenorge.no eller kontaktar koronatelefonen 906 72 675 for å bestille time. Vaksinen er gratis og føregår i idrettshallen i Gaupne.

Me oppmodar alle om å vaksinere seg. Vaksinen beskyttar mot alvorleg sjukdom, også av Deltavarianten.

Oppmoding som Luster kommune framleis har til alle innbyggjarane våre:

1.       Hold avstand og vask/sprit hender.

2.       Ta koronatest og hald deg heime viss du er sjuk. Bli i karantene til negativt prøvesvar ligg føre.

3.       Me krev ikkje, men ber om at fullvaksinerte nærkontaktar også går i karantene.

4.       Me krev ikkje, men ber om at nærkontaktar som er delvaksinerte med ein dose for meir enn 3 veker sidan går i karantene.

5.       Me krev ikkje, men ber om at alle, uansett vaksinestatus ventar til dag 7 etter smitteeksponering med å ta PCR-test og blir i karantene til svar ligg føre.

6.       Me ber om at du tek del i dugnaden også du som er vaksinert. Opptre som om du ikkje er vaksinert. Test deg umiddelbart ved symptom, uansett vaksinestatus og gå i - evt sjølvvalt - karantene til negativt svar ligg føre.

7. Me oppmodar til at alle følger dei nasjonale reglane ved sosiale samlingar og er ekstra varsame med å samle store grupper folk utan å følgje dei nasjonale reglane 

31. juli: 

Luster kommune opplever smittesituasjonen i regionen slik at me fortsatt vil oppmode alle lustringar til ekstra aktsemd i tida framover.

 

Me vil og framleis oppmode om dugnad i form av frivillig smittekarantene for eventuelle nærkontaktar – uansett vaksinasjonsstatus.


Vår oppleving er at dette er eit nødvendig supplement til dei eksisterande nasjonale tilrådingane.

 

Me vel derfor å opne opp koronatelefonen, og gir innbyggarane moglegheiten til å teste seg i løpet av helga.
 

Koronatelefonen: 90672675
 

Laurdag 31.07:
Koronatelefonen: kl 17.00-18.00
Test: Kl 18.00 – 20.00

Søndag 01.08: 
Koronatelefonen: Kl 11.00 – 13.00
Test: Kl 13.00 – 14.30 og ‘

19.00 – 20.40


Testing vil foregå ved siden av koronabua – hald deg i bilen, du vert testa der du sit.  
 

Nye oppdateringar angåande smittesituasjonen vil komme fortløpande på Luster kommune sine heimesider.

Me takkar både lustringar og sogndøler for massiv dugnad og eigeninnsats så langt, og oppmodar til å halde ut ei stund endå.

 

29. juli:
kl. 22.30. Luster Kommune har i kveld fått svar på 4 nye positive prøver
3 av dessa var allereie uvaksinerte nærkontakter til kjent smitta og  har vore  i karantene med kjent smitteveg. Desse tre er alle  kopla til Meat-Point utbrotet. 

Siste positive prøve er pasient frå anna fylke, og ikkje knytt til same ubrot.  Pasienten er informert av oss og sett i isolat. Ingen kjent smitteeksponering i vår kommune, men videre smittesporing pågår.

28. juli:
Ein ny smitta. Sjå pressemelding kl. 22.30. Luster kommune har framleis oppmoding til innbyggjarane

27. juli: 

Oppdatert informasjon om prøvesvar kl. 22.00

Pressemelding kl. 19.30

26. juli: Deltavarianten av koronaviruset er stadfesta i utbrotet. Denne meldinga har me fått no i kveld.
Ingen nye positive prøvar. Framleis 6 smitta.
All smitten er knytta til Meat Point utbrotet.

Smittesporing:
Det er viktig at alle innbyggarar svarar oppringingar frå nummer dei ikkje kjenner no, det kan vere smittevernet som ringer deg med viktig informasjon.

 

Skjenkeverksemder blir fulgt opp med kontrollar.

 

 

Siste oppdateringar

31.07.21

Oppdatering 31.07.21

29.07.21
Luster Kommune har i kveld fått svar på 4 nye positive prøver
3 av dessa var allereie uvaksinerte nærkontakter til kjent smitta og  har vore  i karantene med kjent smitteveg. Desse tre er alle  kopla til Meat-Point utbrotet. 
Siste positive prøve er pasient frå anna fylke, og ikkje knytt til same ubrot.  Pasienten er informert av oss og sett i isolat. Ingen kjent smitteeksponering i vår kommune, men videre smittesporing pågår.

28.07.21
Den usikre prøven frå i går var negativ, men det er i kveld kome ein ny smitta i Luster kommune. Den nye smitta har vore i sjølvvalt karantene siste veka og det er difor ikkje snakk om nye nærkontaktar. 
Pressemelding kl. 22.30 med oppmoding til innbyggjarane 

27.07.21
 

Kl. 22.00: 35 av 35 prøvar er negative. 1 er usikker og vil bli analysert på nytt den 28.07.

Pressemelding kl. 19.30

26.07.21.
Stadfesta at det er deltavarianten av koronaviruset som er komen til Luster.
Ingen nye positive prøvar, framleis 6 smitta. Framleis mange testar me ventar svar på, dei fleste er testar på dag 7 for personar som er i karantene.
Ber om forståing for ventetid på legekontoret. Det er fint om du ventar med henvendelsar som KAN vente til etter at fastlegen din er attende frå fellesferie.

Høyr dagens koronanytt i Radio Luster. Vikarierande kommuneoverlege Morten H Larsen informerer og gjer råd til oss alle i dagens koronasituasjon.

25.07.21
Ingen nye smitta. Ventar svar på nye prøvar måndag kveld.

24.07.21

Me har per i dag laurdag 24. juli  6 positive smitta lustringar. Alle er knytta til det kjende smitteutbrotet på Meat Point i Sogndal.

23.07.21

Har du vore på fest? Ta ein test!

***
Smittestatus

***
Ein person som var innom på Kafeén på Pyramiden måndag 19.07.21 mellom kl 13 og 15 har i etterkant av besøket fått påvist Covid-19 smitte. Personar som var på kafeén i dette tidsrommet skal vera obs og teste seg dersom dei får symptom.  
Test kan bestillast via helsenorge.no eller ved å kontakte koronatelefonen, tlf. 906 72 675.

22.07.21

Ein person som var innom på Gaupnetunet 17.07.21 mellom kl. 15 og 19 har i etterkant av besøket fått påvist Covid-19 smitte. Personar som var i restauranten i dette tidsrommet skal vera obs og teste seg dersom dei får symptom. Test kan bestillast via helsenorge.no eller ved å kontakte koronatelefonen, tlf. 906 72 675.

***
Luster kommune får ekstra vaksinedosar f.o.m veke 30. Det er opna for at også siste prioriteringsgruppa, personar i alderen 25-39 år, kan bestille time. Bestill time på helsenorge.no. Dersom du ikkje har fastlege i Luster må du kontakte koronatelefonen for å få bestille. Vaksinasjon er gratis og føregår i idrettshallen i Gaupne kvar onsdag.

09.07.21

Status koronavaksinasjon veke 27.

08.07.21

Smitterisikovurdering veke 27

05.07.21

Ledige vaksinedosar

01.07.21

Lokal smitterisikovurdering veke 26
Får fleire vaksinedosar i veke 28

25.06.21

Vaksinasjonsarbeidet mot covid-19

23.06.21

Lokal smitterisikovurdering veke 25.

17.06.21

Lokal smitterisikovurdering veke 24

10.06.21

Lokal smitterisikovurdering veke 23

03.06.21

Lokal smitterisikovurdering veke 22

28.05.21

Lokal smitterisikovurdering veke 21

20.05.21

Koronastatus

Lokal smitterisikovurdering veke 20

12.05.21

Lokal smitterisikovurdering veke 19

07.05.21

Status vaksinasjon og smitte 7. mai

06.05.21

Lokal smitterisikovurdering veke 18

29.04.21

Lokal smitterisikovurdering veke 17

26.04.21

Viktig informasjon om koronavaksinering i sommar

26.04.21
Til dei som har fått 1 dose av koronaviksina AstraZeneca

22.04.21

Koronastatus

21.04.21

Lokal smitterisikovurdering veke 16

15.04.21

Luster kommune føl nasjonale retningliner

Lokal smittevurdering veke15

12.04.21

Koronastatus

08.04.21

Lokal smittevurdering veke 14

23.03.21

Lokal smitterisikovurdering veke 12

19.03.21

Status 19. mars
Koronavaksine

17.03.21

Lokal smitterisikovurdering for Luster kommune veke 11

15.03.21
Nyhende: Krav om bruk av munnbind på helsesenteret og i drosjar

13.03.21
1 nytt smittetilfelle. Smittesporing i Luster er ferdig.

10.03.21

Lokal smittevurdering

05.03.21

Koronaorientering til kommunestyret 4. mars

04.03.21

Lokal smitterisikovurdering veke 9

03.03.2021

Nye smittevernråd for omsorgssentra våre

 

Koronavaksine / Coronavirus vaccine

28.07.21
Det er no opna opp for at alle, uansett alder kan tinge 1. vaksine her i Luster. 467 skal vaksinerast onsdag 28. juli. Me oppmodar alle andre som ikkje har fått fyrste vaksinedose om å bestille time til vaksinering 4. eller 11. august. Det gjer du på www.helsenorge.no eller kontaktar koronatelefonen 906 72 675 for å bestille time. Vaksinen er gratis og føregår i idrettshallen i Gaupne.

22.07.21

Luster kommune får ekstra vaksinedosar f.o.m veke 30. Det er opna for at også siste prioriteringsgruppa, personar i alderen 25-39 år, kan bestille time. Bestill time på helsenorge.no. Dersom du ikkje har fastlege i Luster må du kontakte koronatelefonen for å få bestille. Vaksinasjon er gratis og føregår i idrettshallen i Gaupne kvar onsdag.

09.07.21

Luster kommune har sett 4089 dosar. Av våre innbyggjarar som er 55 år og eldre har over 90% fått ei dose. I gruppa 45-54 er talet 69.7%. I aldersgruppene 18-24 og 40-44 er 23% vaksinerte.

Desse er ferdigvaksinerte med 2 dosar: alder 65 år og eldre: meir enn 90%, gruppa 55-64 år 30,4%.

Når 70% av befolkninga er vaksinerte vil vi kunne oppnå flokkimmunitet. Dette betyr at sjukdommen vil spreie seg mykje mindre i befolkninga.

Covid-19 sjukdommen vil gje utfordringar i lang tid. Det er berre vaksinering som kan hjelpe. Dei som ikkje er vaksinerte vil løpa risiko for å få sjukdommen. Vaksinen som vi får er BioNTec/Pfizer gjer og godt skydd mot Delta-varianten når det gjeld alvorlig sjukdom og sjukehusinnlegging. Det er god vitskapeleg dokumentasjon på at vaksinen er trygg og effektiv, men den gjer ikkje 100% skydd- det gjer heller ingen andre vaksinar.

1.dose gjer skydd i inntil 15 veker, 2. dose vil gje skydd i meir enn 1 år. Vi gjer 2. dose 12 veker etter første dose. Vi har ikkje registrert alvorlege vaksinereaksjonar.

I veke 29 vil vi få 330 dosar. Vi held fram med å gje tilbod til aldersgruppene 18-24, 40-44 og 45-54. Om det er personar som tidlegare har fått tilbod og ynskjer no å få vaksine; ring koronatelefonen 906 72 675. Det blir lagd ut fleire timar til vaksinering for veke 29, 30 og 31

Skal vi vere trygge mot Covid-19 må flest mogleg av lustringane bli vaksinerte. Vi ber derfor om at alle som blir inviterte til vaksinebestilling på sms nytter seg av tilbodet. Timebestillinga skjer på HelseNorge og vi legg ut timar fortløpande. Vi har ikkje eksakt oversikt over kor mange vaksinar vi får framover, men rimelig gode prognosar. Når vi får de eksakte tala legg vi ut alle dosane vi får. Så følg med.

Nasjonalt har man denne veka avdekka tilfelle der ein smitta person har kopla symptom til nyleg vaksinasjon, og difor har levd som normalt fram til smittesporing avdekka smitten. Dette kan gje smittespreiing. ALLE bør derfor teste seg om dei får symptom på sjukdom! Dei vanligaste symptoma er hovudpine, sår hals og snue.

Barn og ungdom i alderen 12-15 år med alvorleg grunnsjukdom blir nå anbefalt å få BioNTech/Pfizer vaksinen. 

05.07.21

Luster kommune har ledige dosar: nokre ledige 14/7, mange ledige 21/7 og 28/7. Vi opnar derfor opp for vaksinebestilling for gruppene 40-54 år (fødde 1981-1967) og 18-24 år (fødde 2003-1997). Vi sender ut SMS til aktuelle grupper og alle må bestille time via HelseNorge. Om behov for hjelp kan du ringe Koronatelefonen 906 72 675.

Målet er å få så stor vaksinedekning som raskt som mogleg og da må vi bruke alle dosane vi får. Det vil bli god vaksine-tilgang framover.

01.07.21 
Luster kommune har nå sett 3998 dosar med koronavaksine. 2398 har fått 1. dose som er 46%, 1533 har fått 2. dose som er 29,5%.

Vi starter nå på gruppa 54-45 år. Vi fekk i dag melding om 84 ekstra dosar i veke 28, slik at vi kan halde fram med 1. dosane i veke 27 og veke 29. I veke 28 er det i all hovudsak 2. dose.

Det er nå viktig at lustringane bestiller seg time til vaksinering. Vi må kunne bruke opp vaksinane vi får kvar veke. Kommunen gjer eit stort arbeide med å organisere vaksinetilbodet gjennom somaren.

Hugs; alle som har rett alder vil bli inviterte via SMS til å melde seg på vaksinering via HelseNorge. Får du det ikkje til kan du ringe Koronatelefonen 906 72 675

Luster kommune er i veke 25 registrert med ein smitta person. Denne personen har ikkje opphelde seg i kommunen. Vi har pr i dag ein person i smittekarantene, det er ikkje påvist positive prøvar i kommunen på mange veker.

Luster kommune får fleire vaksinedosar i veke 28 enn det som var signalisert. Vi har derfor anledning til å vaksinere fleire med 1. dose  7/7 og 21/7. Vi kaller nå inn personar fødde i 1967-1976 (aldersgruppa 54-45). 14/7 vil vi måtte bruke dosane vi får til revaksinering.

25.06.21

Vaksinasjonsarbeidet mot covid-19 - Korleis ligg vi an i Luster kommune? Når kan du forvente å få tilbod om vaksine?

Vi får lite vaksinedosar i veke 27 og 28 og legg ikkje ut nye timar i dag fredag 25/6. 84 dosar vi får 7/7 vil bli haldne tilbake for å bli brukt til revaksinering 14/7.

Det har vore vanskeleg å gje ut prognosar for vaksinasjonsarbeidet pga fleire reduksjonar av vaksineleveransar til landet. FHI har nå levert prognosar fram til november.

Det er per 25/6 sett 3700 vaksinedosar, av dette er 2172 til 1. dose og 1528 til 2. dose. Dvs. 41,8% av våre innbyggjarar har fått 1. dose mens 29,4% har fått 2 dosar og er ferdig vaksinerte.

Desse gruppene er ferdig vaksinert med 2 dosar per 25/6-21:

  1. Dei som bur på omsorgssenter
  2. Dei som er >85 år
  3. Dei som er i aldersgruppa 75-84 år
  4. Dei som er i aldersgruppa 65-74 år og 18-64 år med høg risiko

Desse gruppene har fått/får tilbod om 1. dose per 25/6-21:

  1. Dei som er 55-64 år med underliggande sjukdommar 
  2. Dei som er 45-54 år med underliggande sjukdommar 
  3. Dei som er 18-44 år med underliggande sjukdommar 
  4. Dei som er i aldersgruppa 55-64 år

Vi startar på  aldersgruppa 45-54 år 30/6. Vi får 228 dosar, 10% av første dose går til prioritert helsepersonell, resten går til 1. dose av aldersgruppa. Vi har 668 innbyggjarar i denne aldersgruppa(vel 27% har fått dose 1) så vi blir ikkje ferdige med gruppa før tidlagast i veke 28/29.

Sjå tabell under for prognosane.

Når aldersgruppa 45-55 år har fått tilbod om 1. dose vil desse får tilbod: 40-44 år samt 18-24 år. Desse utgjer 709 personar. Vi vil venteleg kunne starte med denne gruppa i veke 30.

Vi vaksinerar alle i same aldersgruppe. Dvs dei som fyller 18 år i 2021 altså 2003 kullet.

Gruppa 24-39 år får vaksinetilbod som siste gruppe. Desse får tilbod om 1. dose frå midten av august. Det er staten som definerer prioriteringa.

Alle som nå får 1. dose vil få 2. dose etter 12 veker. Når det er betre vaksinetilgang kan dette intervallet bli forkorta.

Vaksinebestilling skjer via HelseNorge. Dei som er i rett aldersgruppe får SMS frå Luster kommune med beskjed om å bestille time. Dei som ikkje klarer dette sjølve kan gjerne få hjelp av familie eller ringe vår Koronatelefon 906 72 675. Det kan i periodar vere stor pågang.

All vaksinering skjer i Idrettshallen. Vaksineringa er frivillig og gratis.

Prognose for vekene 27-33 (Veke 28-29 har prognosen moderat usikkerheit. Veke 30+33 har prognosen stor usikkerheit.):

Veke

Dato

Dosar

Til 2. dose

Til 1. dose

Aldersgruppe

27

7/7

144

19

49

84 blir overførd 14/7

45-54

28

14/7

114

198

0

 

29

21/7

328

48

280

45-54

30

28/7

328

6

322

45-54

40-44

18-24

31

4/8

328

4

324

40-44

18-24

32

11/8

370

0

370

40-44

18-24

25-39

33

18/8

360

2

358

25-39

 

23.06.21

Det er sett 3471 vaksinar. 38,3% av innbyggjarane har fått 1. dose og 28,5% har fått 2- dose. I veke 26 får vi 228 dosar. (oversikt vaksinar er henta frå nasjonal statistikk). Vaksinebestilling skjer nå ved sjølvplukk i timeboka via HelseNorge. Målgruppa får invitasjon til dette via sms. All vaksinering skjer i Idrettshallen. Vi held på med prioriteringsgruppe 8+9 i veke 26.

17.06.21

Det er sett 3449 vaksinar. 38,1% av innbyggjarane har fått 1. dose og 28,3% har fått 2- dose. I veke 25 får vi 222 dosar (oversikt vaksinar er henta frå nasjonal statistikk). Vaksinebestilling skjer nå ved sjølvplukk i timeboka via HelseNorge. Målgruppa får invitasjon til dette via sms. All vaksinering skjer i Idrettshallen. Vi held på med prioriteringsgruppe 8 også i veke 25. Vi sender ut SMS til dei aktuelle aldersgruppene og då gjeld prinsippet førstemann til mølla.

04.06.21

Vi har sett 2918 vaksinar, 1757 har fått første dose, 1161 har fått 2 dosar og er fullvaksinerte. Det er ikkje registrert alvorlege komplikasjonar. Vi ligg bra an i forhold til snitt land og naboar.

Vi får 192 dosar 9/6 (114 til 2. dose og 78 dosar til ny vaksinering) og 16/6 (114 til 2. dose og 120 dosar til ny vaksinering). Vi vaksinerar berre med Biontech-Pfizer. Det er fortsatt ikkje motteke prognosar for vaksinetildeling neste 4 veker.

Kor langt er me komne med vaksineringa?

Gruppa 85+ er ferdig vaksinerte, 85% av aldersgruppa har takka ja.
Gruppa 75+ er ferdig vaksinerte, 94% av aldersgruppa har takka ja.
Gruppa 65+ samt risikopasientar blir ferdigvaksinerte 9/6. 95,1% av aldersgruppa har takka ja og fått dose 1.
9/6 startar vi med gruppa friske  55+ (prioriteringsgruppe 8). I denne aldersgruppa er det 666 personar, 38,5% har fått dose 1 og 86 personar dose 2. Vi vil halde fram med prioriteringsgruppe 8 langt ut i juni, avhengig av vaksineleveransane.

Frå og med prioriteringsgruppe 8 (startar 9/6) går vi over til sjølv booking på HelseNorge. Dette blir måten å få koronavaksine på framover. Vi sender ut SMS til dei aktuelle aldersgruppene og då gjeld prinsippet førstemann til mølla.

Dei som ikkje kan bruke HelseNorge skal ta kontakt med vår Koronatelefon 906 72 675 når dei har fått sms.

Ingen system vil fange opp alle innbyggjarar på rett tid. Dei få som opplever seg gløymde må ta kontakt med vår Koronatelefon.

Luster kommune har no planlagt vaksinering gjennom sommaren. Innbyggjarar som ikkje kjem til tildelt time eller ber om utsetjing av dose vil risikere å vente lenge. Vi kan ikkje ta vaksinar frå andre. Alle dosar blir fordelte rettferdig etter prioriteringsreglane. Berre om vi på vaksinasjonsdagen har overskot på vaksinar kan vi ringe dei som manglar vaksine. Målet er at flest mogleg av våre innbyggjarar skal beskyttast med minst 1 dose.

20.05.21

Det er sett til saman 2081 covid-19 vaksiner, 1534 har fått 1. dose, 547 har fått 2. dose. Alle blir vaksinert med Biontec/Pfizer. Vi held no på med risikogruppene frå 64 år og nedover. Alle blir kalla inn. Det er usikkert kor mange vaksiner vi får framover pga. omfordeling til andre kommunar på austlandet (start veke 23). Mesteparten av dosane vi får i vekene 20-22 går med til revaksinering. Vi får 270 dosar i veke 21 og 420 dosar i veke 22. Ingen alvorlege vaksinereaksjonar.

Vi vil snart få oversikt over vaksine-tilgangen i sommar. Dette vil bli tilgjengeleg for alle slik at ein kan planleggje eigen ferie. Det er viktig at alle som skal ha vaksine er til stades når vaksinane kjem.

07.05.21

Vi har sett til saman 1948 dosar.

Vi vaksinerar kvar onsdag i Idrettshallen. 12/5 får vi 102 berre dosar, 54 av desse går til 2. dose for dei som fekk første dose 31/3, resten går til gruppe 5-6-7 som er personar med underliggjande kronisk sjukdom som gjer auka risiko for alvorleg sjukdom. 19/5 får vi 168 dosar, alle går til 2. dose for dei som blei vaksinerte første gong 7/4. Dei har fått skriftleg lapp om time! Og får ikkje ekstra innkalling.

Vi veit ikkje kor mange dosar vi får etter veke 20, men i uke 21 og 22 vil dei som har fått 1. dose med AstraZeneca få sin  2. dose med Pfizer vaksinar. Dette er helsepersonell. Det er håp om at vi i slutten av månaden får greie på kor mange dosar vi får gjennom sommaren. Dette vil vi publisere saman med antatt vaksinetilbod til dei ulike gruppene. Det vil gjere det lettare å planleggje ferie. Sjå resten av artikkelen her.

26.04.21

Til dei som har fått 1 dose av koronaviksina AstraZeneca

26.04.21

Viktig informasjon om koronavaksinering i sommar / important information about corona vaccination this summer

22.04.21

  • Det er sett 141 vaksinedosar med AstraZeneca på helsepersonell
  • Alle andre har fått Biontech/Pfizer. Her er det no revaksinering etter 6 veker.
  • Det er til saman sett 1.366 dosar Biontech/Pfizer, 738 har fått 2 dosar.
  • Vi har ikkje registrert alvorlege biverknadar.
  • Frå april vaksinerar vi kvar onsdag i Idrettshallen. Vi får vaksinane kl.10.30 og startar 11.30.
  • Vaksinering er frivillig og gratis.
  • 5/5 er vi ferdig med 65+ inkludert dei med alvorlege sjukdommar. Vi startar 5/5 med vaksinering av risikopasientar. Begynnar med dei som er i gruppa 64-55 år. Fastlegane definerar desse. Det er registrert 812 som er i risikogruppa.
  • Alle blir kalla inn til vaksinering anten ved bruk av telefon eller sms.
  • Dei som er usikre på vaksinering kan ringe Koronatelefonen 906 72 675
  • Vi prøver å nå alle innbyggjarar, men opplever du å bli gløymt må du ringje oss på koronatelefonen.

12.04.21

Det er sett 1163 vaksinar.  Av desse 141 AstraZeneca til helsepersonell, resten er Biontec/Pfizer. 684 personar er ferdig vaksinerte. Vi vil få 168 dosar 14/4 og 21/4. All vaksinering skjer nå i Idrettshallen på dagtid. Dei som skal få vaksinar vil få telefon om dette, nokre får SMS. Biontec/Pfizer skal nå revaksinerast etter 6 veker.

Vi har nå ferdigvaksinert alle i gruppene 85+. 19/5 vil alle i 75+ vere ferdigvaksinerte. Vi er i gong med vaksinering av 65+ samt høgrisikopasientar. Dei aller fleste vil venteleg ha fått tilbod om 1. dose i løpet av april. Vi veit ikkje tal dosar etter 21/4 pr i dag.

Vi har ikkje registrert alvorlege reaksjonar etter vaksinering.

19.03.21

Luster kommune vaksinerar kvar onsdag same dag vi får vaksinane. Vi får 54 dosar 24/3 og 108 dosar 31/3- halvparten er 2. dose. AstraZeneca er satt på vent til statlege myndigheiter har avklåra vidare bruk. Når vi har vaksinert ferdig 31/3 vil vi ha satt 968 vaksinedosar. Gjeld Pfizer: 342 er ferdigvaksinerte med 2 dosar, 168 har fått 1 dose. Det er satt 116 dosar med AstraZeneca. Det er ikkje registrerte alvorlege biverknadar ved vaksinasjon.

Vi reknar med å vere ferdig med gruppa 75+ i midten av april om vi har same vaksinetildeling som no.

26.02.21

Luster kommune har no sett 470 vaksinedosar.
Vi manglar 5 dosar på å dekke alle i aldersgruppa 85+. Alle pasientar på omsorgssentra våre er no fullvaksinerte.
I veke 9 vil vi få 54 dosar til 2. dose (Pfizer) og 100 dosar AstraZenica som går til helsepersonell.
I veke 10 vil vi få 114 dosar med Pfizer vaksine, 60 av desse går til 2. dose, 54 dosar går til resten av gruppa 85+ og så startar vi på gruppa 75+. Her har vi ca 400 innbyggjarar.
På grunn av små leveransar av vaksinar fortset vi med vaksinering på Helsestasjonen inntil vidare. Vi føl prioriteringsreglane som gjeld nasjonalt.

Pfizer vaksine (2 dosar med 21 dagar i mellom) skal brukast til dei over 65år og dei i aldersgruppa  18-64 år med alvorlege tilstandar. AstraZenica (2 dosar med 9-12 veker i mellom) skal brukast til dei andre.

05.02.21

Det er sett 228 vaksinar til saman. Lette biverknadar. Alle pasientar på omsorgssenter er vaksinerte, mange er fullvaksinerte. Vi vil i veke 7 ha fullvaksinert alle som bur på omsorgssenter. I veke 7 vil vi og ha sett vaksinar på heimebuande 85+, dei vil vere fullvaksinert i veke 10. Alle vil bli ringt til. Parallelt til vaksinasjon av eldre gjer vi vaksinering av helsepersonell. Det er få som ikkje ønsker å ta vaksine. Vi får tilsendt vaksinar kvar onsdag, talet varierer for kvar veke.

20.01.21
Luster kommune har i dag vaksinert 18 dosar med koronavaksine. Vi har til saman sett 66 dosar.

14.01.21
Luster kommune fekk 13.01.21 3 hetteglas som er 18 vaksinedosar. Dei ble brukt same dag. Ny liknande forsyning i neste veke. Vi har til no sett 48 dosar av vaksina.

07.01.21

Luster kommune vaksinerte 6/1-21 alle pasientar på sjukeheimen i Luster som ønska vaksine. Det er sett 24 vaksinar. Ingen komplikasjonar. Vi får ut 6 dosar pr. glas.

04.01.21

Koronavaksine: Ver venleg ikkje ring oss, me kontaktar deg

30.12.20  

Koronavaksine på 1-2-3 kort info frå FHI

23.12.20

Luster kommune vil få tilsendt 25 dosar med koronavaksinen Cormirnaty (BioNTech og Pfizer) i veke 1  2021. Vi startar vaksineringa på Luster omsorgssenter. Vi veit ikkje når tid vi får fleire vaksiner, men venteleg får vi nye forsyningar kvar veke.

 

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunane skal tilby innbyggjarane vaksinasjon. Noreg vil få tilgang på fleire ulike vaksinetypar, men det er ennå usikkerheit knytt til kor raskt vi får vaksinane og kan tilby dei til anbefalte grupper.

Kommunen planleggjar no gjennomføring av vaksinasjon. Informasjon om arbeidet vil bli oppdatert på denne nettsida fortløpande.

Vi vil seinare informere om kva grupper som er anbefalt vaksinasjon og rekkefølgje mellom desse. Kommunen kontaktar deg dersom du er prioritert for tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje nødvendig å kontakte kommunen eller fastlege for å sette seg på venteliste.

Koronavaksine og vaksinasjon er gratis.

Det nye koronaviruset gjer infeksjon i luftvegane. De fleste får ingen eller milde symptom, men nokre blir alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har enkelte andre sjukdommar frå før har størst risiko for å få alvorleg sjukdom.

I starten vil det ikkje vere nok vaksine til alle som blir anbefalt koronavaksine. Basert på råd frå Folkehelseinstituttet har Regjeringa gjeve følgjande prioritering, med dei øvste prioriterte fyrst:

Dette er prioriteringsrekkjefølja: 

1. Dei som bur i sjukeheim 

2. Alder 85 år og eldre

3. Alder 75-84 år 

4. Alder 65-74 år 
OG personar mellom 18 og 64 år med desse sjukdommane/tilstandane:  

  • organtransplantasjon
  • immunsvikt
  • hematologisk kreftsjukdom siste fem år 
  • anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift) 
  • nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som fører med seg nedsett hostekraft eller lungefunksjon 
  • kroniske nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon

5. Alder 55-64 år med disse sjukdommane/tilstandane:  

  • Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon 
  • Immundempande behandling ved autoimmune sjukdommar  
  • Diabetes  
  • Kronisk lungesjukdom (anna enn vel regulert astma) 
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI på ≥ 35 kg/m2 eller høgare)
  • Demens  
  • Kroniske hjerte- og karsjukdommar (med unnatak av høgt blodtrykk)  
  • Hjerneslag  
  • Anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom som ikkje er nemnt i lista over kan også gje auka risiko for alvorleg sjukdom og død av covid-19. Dette skal vurderast individuelt av lege.

6. Alder 45-54 år med dei same sjukdommar/tilstandar som er lista opp i pkt. 5 

7. Alder 18-44 år med de same sjukdommar/tilstandar som er lista opp i pkt. 5 

8. Alder 55-64 år 

9. Alder 45-54 år 

Du blir kontakta av kommunen for vaksinasjon når det er din tur. Føl med på kommunen si heimeside for detaljar. 

Omsorgsbustadar 

Personer som bur i omsorgsbustadar er ei samansett gruppe, så desse skal prioriterast i forhold til alder og eventuell underliggjande tilstand.  

Helsepersonell 

For helsepersonell er det tydeliggjort kva grupper som det kan vere aktuelt å prioritera mellom om smitten aukar. Det kan dreie seg om helsepersonell som sjølv har auka risiko for å bli smitta, og som må vere tilgjengelege dersom smitta aukar. Dette er ennå ikkje avgjort.   

***

https://www.fhi.no/en/id/vaccines/coronavirus-immunisation-programme/who-will-get-coronavirus-vaccine-first/

Coronavirus vaccine

Coronavirus vaccination will be part of the national immunisation programme, and the municipalities will offer its inhabitants the coronavirus vaccine. Norway will offer vaccines from several suppliers, but there is still uncertainty when Luster kommune will be able to provide the vaccine. You will find updated information on our website.

Luster kommune will later inform about target groups and their priority. We will contact you if you are in a target group to offer you coronavirus vaccine. It is not necessary to contact Luster kommune or your doctor to be put on a waiting list. 
The coronavirus vaccine and vaccination is free.

Initially, there will not be enough coronavirus vaccine available for everyone in the recommended groups, so it must be given first to those who need it most.

Order of priority: 

1. Residents in nursing homes 

2. Age 85 years and above

3. Age 75-84 years

4. Age 65-74 years AND people between 18 and 64 years with these diseases/conditions:  

  • organ transplant
  • immunodeficiency
  • hematologic (blood) cancer in the last 5 years
  • other active cancer, ongoing or recently finished treatment for cancer (especially immunosuppressive therapy, radiation therapy to the lungs or chemotherapy). 
  • neurological or muscular disease with impaired coughing strength or lung function 
  • chronic kidney disease and kidney failure

5. Age 55-64 years with these diseases/conditions:  

  • Chronic liver disease or significantly impaired liver function 
  • Immunosuppressive therapy, e.g. with autoimmune diseases
  • Diabetes  
  • Chronic lung disease (other than well-regulated asthma)
  • Obesity with body mass index (BMI of ≥ 35 kg/m2 or higher)
  • Dementia 
  • Chronic cardiovascular disease (except high blood pressure)
  • Stroke
  • Other serious and / or chronic diseases not mentioned in the list above may also increase the risk of serious illness and death from COVID-19. This should be assessed individually by a doctor.

6. Age 45-54 years with the same diseases/ conditions listed in point 5 

7. Age 18-44 years with the same diseases/ conditions listed in point 5 

8. Age 55-64 years

9. Age 45-54 years 

You will be contacted by your doctor or the municipality for vaccination when it is your turn. Check your municipality's website for details. The vaccine is free.

Care homes

People who live in care homes are a mixed group, so they are prioritised according to age and any underlying conditions.

Healthcare personnel

For healthcare personnel, it has been clarified which groups may be prioritised if transmission increases. These may be healthcare personnel who have an increased risk of becoming infected, and who for reasons of capacity must be available if transmission increases. This has not yet been decided.

Rådhuset

Rådhuset vert ope for publikum for kontakt m/servicetorget, sentralbordet og varelevering/mottak.
De kan ringe sentralbordet 57 68 55 00 eller sakshandsamar direkte, telefonliste.
Alle besøk skal helst vere avtalte på førehand.

Du kan sende spørsmål til e-postadresse korona@luster.kommune.no

Raskare koronasvar via Helsenorge.no og kjernejournal

Sjå svaret på koronatesten din på Helsenorge.no så snart prøven er analysert og besvart.
Kommuneoverlegen melder at helsetenesta sender sms til dei som ikkje har bank-id for pålogging i helsenorge.no. Kommuneoverlegen ringer alle som har fått påvist positiv prøve.

Informasjon frå Folkehelseinstituttet om tenesta.

 

Omsorgssentra

03.03.21

 

Råda nedanfor gjeld vaksinerte bebuarar som 1-2 veker etter andre dose har oppnådd optimal beskyttelse. Også i sjukeheimar bør ein følje råda for kommunale omsorgsinstitusjoner:

  • ved besøk hjå nokon uvaksinerte bebuarar. Kva uvaksinerte bebuarar dette kan gjelde, er nærare beskrive i Råd til sjukeheim.
  • ved besøk hjå bebuarar med mistenkt, sannsynlig eller bekrefta covid-19
  • når personar med luftvegssymptom eller i karantene unntaksvis får kome på besøk

For å avgrense smitte i samband med besøk, bør tilsette få opplæring i smittevern og vere kjent med råda nedanfor. Tilsette bør informere bebuarar og pårørende om at det er betydelig mindre risiko for covid-19 etter vaksinasjon, men at covid-19 ikkje vil forhindrast i alle tilfelle då vaksina ikkje alltid gjer full beskyttelse.

Vurder å avklare besøk i førevegen om det er fare for at mange besøkande kjem samtidig, slik at det blir vanskeleg å overhalde råd om avstand.

Generelle smittevernråd ved besøk i sjukeheim

Ved ankomst til sjukeheimen

  • Tilsette i institusjonen bør avklare smittestatus for dei besøkande 
    • Pårørande eller andre som er sansyneleg eller bekrefta med covid-19, kan i henhald til covid-19-forskrifta ikkje kome på besøk i institusjonen.
    • Pårørande eller andre som har luftvegssymptom eller er i karantene, skal som hovudregel ikkje kome på besøk, men unntak kan i nokre tilfeller vurderast. For meir informasjon sjå Helsedirektoratets anbefalingar for vurdering av besøk. Ved unntak må ein følge smittevernråda i avsnittet «Råd når personar med luftvegssymptom eller i karantene unntaksvis får kome på besøk»
  • Institusjonen bør halde oversikt over besøkande, slik at smittesporing kan gjennomføras på ein effektiv måte om smitte vert oppdaga hjå bebuarar, besøkande eller tilsette. Det er frivillig for besøkande å oppgje personopplysninger for smittesporingsformål. Opplysningane kan ikkje lagrast lenger enn nødvendig. For smittesporingsføremål er det 10 dagar.
  • Besøkande må førebuast på gjeldande rutiner og smittevernråda føljast.
  • Det er viktig at alle besøkande utfører handhygiene ved ankomst, også ved besøk utandørs. 

Under besøk i sjukeheimen

  • Besøkande bør halde minst 1 meters avstand til den dei besøker, tilsette og andre bebuarar enn den dei besøker. Vi anbefaler i tillegg at besøkende bruker munnbind. Unntak:
    • Vaksinerte bebuarar kan ha nærkontakt med eit avgrensa anntal uvaksinerte besøkande, og dei same over tid. Anntal besøkande bør ikkje vere fleire enn nasjonale, eventuelt kommunale, bestemmelsar tilseir. Bebuarane bør sjølv bestemme kven som er deira næraste.
    • Om både den besøkande og bebuaren er vaksinert, kan dei ha nærkontakt. Nærkontakt med vaksinerte besøkande, kjem i tillegg til dei uvaksinerte besøkande bebuaren sjølv har definert som sine næraste.
  • Besøk kan skje i fellesareal, men om det blir vanskeleg å overhalde gjeldande råd om avstand, bør besøket skje på bebuarens rom.
  • Nasjonale, eventuelt lokale, anbefalingar eller bestemmelsar for tal besøkande bør føljast. Om konkrete anbefalingar ikkje føreligg, bør tal besøkande ikkje vere høgare enn at anbefala avstand (minst 1 meter) og øvrige smittevernråd kan føljast.
  • Beboere kan ta imot gaver, blomster og lignende. Det er ikke behov for spesielle forholdsregler, men viktig å følge generelle råd for håndhygiene, da dette vil forebygge indirekte kontaktsmitte.
  • Om besøkande har med mat, bør alle utføre handhygiene før maten serverast og inntakast. Besøkande skal ikkje nytte kjøken i institusjonen.
  • Alle felles berøringspunkt i rommet der besøket føregår (f.eks. dørhandtak, armlene, brytarar, toalett), bør reingjerast eller desinfiserast fleire gonger dagleg.

Bebuarar på besøk utanfor sjukeheim

Bebuarar i kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar har ingen juridiske restriksjonar med omsyn til besøk ut av institusjonen, med mindre det er fatta iet tvangsvedtak. Vaksinerte bebuarar som skal på besøk utanfor sjukeheimen, bør følje gjeldande forskrifter, samt nasjonale og lokale smittevernråd.

Tenester og besøk av eksterne aktørar i sjukeheim

For vaksinerte bebuarar i sjukeheim, bør det leggast til rette for tenester som er viktige for deira fysiske eller mentale helsetilstand. Tenestene eller tilboda må gjennomførast i tråd med gjeldande forskrifter, nasjonale smittevernråd, smittevernrutinar i institusjonen og rettlaiarar for tenesta.

Krava til tenesteytande personell står i covid-19-forskrifta.

For helsepersonell som utfører tenester i institusjonen (f.eks. fotterapeutar og fysioterapeutar) gjeld smittevernfaglege råd for helsepersonell med éin-til-éin kontakt, i tillegg til institusjonens eigne smittevernrutinar.

Frisørverksemd og lignande som ikkje er helseteneste må gjennomførast i tråd med smittevernråd for verksemder med éin-til-éin-kontakt.

For meir informasjon til hjelp i vurderingar rundt besøk av eksterne aktørar sjå rettleiar for besøk fra Helsedirektoratet.

Omsorgstenesta i Luster 19.1.21 

Omsorgssenter

Gruppe/avdeling

Telefonnummer

Luster omsorgssenter

Gruppe 1, 2, 3, 4

57682534 / 57682522

 

Heimetenesta/eldresenteret

57682513

Gaupne omsorgssenter

Gruppe 1 og eldresenter

57685703

 

Gruppe 2 og 3

57685710 / 57685717

 

Korttidsavdelinga (KA)

57685711 / 57685718

Hafslo omsorgssenter

Blå og rosa gruppe

57685815 / 57685816

 

Eldresenter

57685812

Grandmo

 

95047340

 

SFO og skule

12.11.20

SFO har vanleg opningstid. Både SFO og skulane forheld seg til nasjonale oppdaterte retningslinjer for smittevern; https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/

Kvar skule vil elles senda ut informasjon til føresette om dei ordningane som gjeld spesifikt for deira barn/skule.

 På skulen vil me vera spesielt opptekne av å:

• vaska hender og læra elevane gode rutinar for handvask
• ha godt reinhald
• vaska utstyr jamleg, til dømes tastatur
• vera ekstra mykje ute med elevane, også i vanlege skuletimar og SFO
• ha undervising og samlingar i mindre grupper
• halda god avstand til kvarandre
 

Følg dei generelle smittevernsråda

Det er viktig at me alle held fram med å følgja dei generelle råda om smittevernstiltak som gjeld alle: god hand- og hostehygiene, prøva å unngå å ta seg i andletet, avgrensa talet personar ein har kontakt med og får besøk av, til nokre få om om gongen, friske barn kan vera saman både ute og inne, men i små grupper. Smittepresset er lågt både i vår kommune og i vår region, og slik ønskjer me naturlegvis at det også skal halda fram.

Reglar for undervisning av eigne barn

Hovudregelen er at alle barn og unge som oppheld seg i Noreg har rett og plikt til grunnskuleopplæring. 

Regelverket gjer det mogleg for føresette å ta barna ut av skulen og undervise eigne barn heime. Det er foreldra som då har ansvaret for å gje barna opplæring, tilsvarende opplæringa i skulen. Dersom føresette vel heimeundervisning, er det viktig at dei er klar over at barnet ikkje lenger er ein del av den offentlege grunnskuleopplæringa, og at dei blir fråtekne ein del rettar etter opplæringslova. Blant anna har barn ikkje rett til spesialundervisning eller standpunktkarakterer.

Me vil understreka at det beste for barna er å gå på skulen, så lenge dei eller familien ikkje er i ei risikogruppe for å få alvorleg sjukdom av koronaviruset. For barn som ikkje er i risikogruppa, er det trygt å gå på skulen.

Dersom foreldra likevel vel å halda barna heime, kan de ikkje forventa at skulen lagar eigne opplegg for elevane. Føresette som vel ikkje å senda barna på skulen, må sjølv oppfylla opplæringsplikta.

Lenke til informasjonsskriv

Informasjon til foreldre med barn i skulen - Utdanningsdirektoratet
Informasjon til foreldre med barn i skulen - Utdanningsdirektoratet (engelsk)
Informasjon til foreldre med barn i skulen - Utdanningsdirektoratet (arabisk)
Informasjon til foreldre med barn i skulen - Utdanningsdirektoratet (polsk)
Informasjon om skuleskyss – Vestland fylkeskommune opning 1.-4 trinn
Informasjon om skuleskyss - Vestland fylkeskommune opning 5.-10. trinn
Gjeld skuleskyssen frå 2. juni – Vestland fylkeskommuneRettleiar om smittevern barneskule - Utdanningsdirektoratet
Nasjonal koronarettleiar for skulane

Barnehagane

12.11.20

Barn som har måtte vere heime på grunn av langvarig sjukdom eller fordi dei har vore i risikosona kan søkje om fritak for foreldrebetalinga jf. vedtekter for barnehagane i Luster
§ 14 Fritak for betaling
Barn som lir av ein alvorleg sjukdom som gjer at barnet ikkje kan nytta plassen i barnehagen, kan innvilgast fritak for betaling i den perioden barnet er borte frå barnehagen. Det må liggja føre ein legeattest. Søknader for kortare periode enn ein månad vert ikkje handsama. Søknadar vert handsama av Oppvekst.

Det er trygt for barn å koma i barnehagen
Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet har i samarbeid utarbeidd ei rettleiing for opning av barnehagane i Noreg. Den nasjonale rettleiinga er tydeleg på korleis barnehagane kan førebyggja smitte.

I barnehagen vil me vera særskild opptekne av å:

  • vaska hender og og følgja opp barna slik at dei lærer gode rutinar for handvask
  • ha godt reinhald i barnehagen
  • vaska leiker jamnleg
  • vera ekstra mykje ute med barna i tida frametter
  • ha mindre grupper av barn som er saman med fast tilsette

Dersom barnet ditt ikkje kjenner seg bra
Har barnet ditt symptom på sjukdom, også milde symptom, skal de ikkje møta i barnehagen. Det er ekstra viktig no at barna er heime i minst eitt døgn etter at dei har vorte symptomfrie. Foreldre som har luftvegssymptom, skal ikkje følgja eller henta barn i barnehagen. Har foreldre eller nokon andre i husstanden fått påvist sjukdom med koronavirus, skal de heller ikkje møta i barnehagen. Dersom barnet ditt vert dårleg i barnehagen, må de henta barnet så fort det let seg gjera.
 

Nyttige lenker om opning av barnehagane

Rettleiing om smittevern i barnehagen (Folkehelseinstituttet og Udir)

 

Spørsmål og svar om rettleiaren for smittevern i barnehagen (regjeringen.no)


Informasjon til foreldre om opning av barnehagane - engelsk

Informasjon til foreldre om opning av barnehagane – arabisk

Informasjon til foreldre om opning av barnehagane - somali

Informasjon til foreldre om opning av barnehagane – polsk

Regjeringa har lagt fram Korona-rettleiar om smitteverntiltak når barnehagane opnar att.

Meir om barnehage ligg under "Skule, SFO og barnehage"

Fysioterapitilbodet

10.02.21

Fysioterapitenesta har vanleg drift med smitteverntiltak. Dette gjeld både i kommunalt og privat praksis (gjeld Friskhuset og Hafslo fysioterapi).

Me følgjer krav om smittevern frå folkehelseinstituttet, og både pasient og terapeut må vera heilt friske for å møta opp.

Ber om at du som har time møter presis for å unngå unødig samling av folk i venteromma. Fint om du ringer, sender sms eller e-post for å kontakta oss for time eller spørsmål i staden for å møta opp i lokala. Me kan også tilby videokonsultasjonar ved behov.

For kontaktinformasjon sjå her

Korleis førebyggje smitte? Hygieneråd

Alle som oppheld seg i Luster kommune skal ivareta god og forsvarleg hand-, hoste- og nysehygiene. Handhelsing, klemming og anna nærkontakt skal avgrensast. Alle føresette og vaksne med ansvar for andre bør jamleg rettleie om personlege hygienetiltak.  

Hygieneråd

Til deg som er avlastar, støttekontakt, treningskontakt

  • Når det gjeld desse tenestene må både tenestemottakar og tenesteytar vere symptomfrie for at du kan utføre oppdraget.
  • De vert oppfordra til å syne omsyn i høve å halde avstand, dvs. ikkje køyre i bil saman med tenestemottakar.
  • I første omgang bør de legge til rette for uteaktivitet. Om ikkje dette let seg gjere, må de syne varsemd og halde ei viss avstand, jf. generelle reglar.
  • De må avtale nærare med brukar/føresette.  
  • Dersom du har vore på reise til/opphalde deg i kommunar med høgt smittetrykk, bør du bruke munnbind i kontakt med tenestemottakar dei første dagane. Du treng ikkje nytta munnbind utandørs. Du held då avstand, helst 2 meter.
  • Er du som oppdragsytar i tvil om du skal vere saman med tenestemottakar, ta kontakt med konsulent for menneske med nedsatt funksjonsevne, Aud Jorunn Høyheim på 57685715/46892617 som er å treffe på måndag – fredag mellom kl. 08.00 – 15.00.

Syner forøvrig til generelle hygieneråd for Luster kommune.

Lokale hjelpetiltak frå frivillige

Luster kommune er i tett dialog med Luster Røde Kors og Frivilligsentralen og me opplever det som trygt at me har mykje frivillige ressursar i lokalsamfunnet vårt når me treng det.

Ringevenn

Mange sit i karantene, eller må halde seg innandørs for å unngå smitte. Dei kunne hatt glede av ein ringevenn. Ein ringevenn ringer til ein person som er åleine eit par gonger i veka for å prate litt.

Telefonvenn.
Å få ein telefonvenn kan bety mykje for ein som er isolert og bur åleine.
Me søker frivillige som ynskjer å vere ein telefonvenn. Den frivillige må vere fylt 18 år.
Den frivillige har tausheitsplikt og får retningslinjer som skal fylgjast.
Vil du ha ringevenn eller ynskjer å bli ringevenn så kontakt oss.
Luster frivilligsentral tlf. 456 65 954.

Utkøyring av matvarer

Trenger du hjelp til å få køyrt matvarer heim til deg? Frivillige hjelper til med å hente bestilte matvarer på butikken og bringer dei heim til deg. Grunna korona viruset vil matvarene bli satt utanfor inngangsdøra di. Ring Luster Frivilligsentral tlf. 45665954 for nærare avtale.
Aldersgruppe: For alle
Mange sit i karantene, eller må halde seg innandørs for å unngå smitte.
Andre har mista moglegheita for å ta serviceskyssen då dette tilbodet er innstilt inntil vidare.
Dette kan skape utfordringar med tanke på handling av matvarer.                               
Me har frivillige som kan hjelpe med å hente bestilte matvarer på butikken og bringe dei heim til deg.
Den frivillige har tausheitsplikt og får retningslinjer som skal fylgjast.
Luster frivilligsentral tlf. 456 65 954.