Kulturelt utviklingsprogram

Kulturelt utviklingsprogram er for utviklingsprosjekt og -tiltak innan kunst- og kulturfeltet. Søknadsfristen er 1. september 2024.

Retningslinene kan bli justert før søknadsfrist jf. ny regional plan for kultur. 

Kulturelt utviklingsprogram (KUP) er eit viktig verkemiddel for større satsingar i kulturlivet i Vestland. Gjennom programmet støttar vi nyskapande og målretta utviklingsprosjekt, som er initierte av kulturlivet sjølv.

Sektorbudsjettet for kultur og folkehelse for 2024 blir vedteke 18. januar, og det blir då klart kor mykje som blir sett av til ordninga i år.

Kven kan søkje?

Offentlege eller private organisasjonar eller institusjonar kan søkje støtte frå KUP. Utøvarar med registrerte einskildføretak kan også søkje.

Primæraktivitetane til søkjarane skal vere lokaliserte i Vestland, og tiltaket må medverke til utvikling i fylket.

Kva prosjekt og satsingar kan få støtte?

Søknaden må vere innretta mot minst eitt programområde. Les meir om kva programområde som er fastsette under.

Kultur

KUP kan støtte nye, større regionale satsingar i kulturlivet i Vestland, blant dette nyskapande og målretta utviklingsprosjekt initierte av kulturlivet sjølv. Søknadene skal gjelde 1–3-årige prosjekt og vere innan virkefeltet kunst, kultur og kunnskapsutvikling.

Idrett og friluftsliv

Det er også høve om å søkje støtte til prosjekt innan idrett og friluftsliv. Til saman 500 000 kr kan kvart år løyvast til tiltak på desse to felta.

Kva får ikkje støtte?

Vi støttar ikkje ordinær drift og investeringar gjennom KUP.

Søknadsfrist

1. september 2024.

Retningslinjer

Du kan lese meir om blant anna vurdering, rapportering, saksbehandling, klagerett og omgrepet regional verdi i retninglinjene for Kulturelt utviklingsprogram(pdf).

Hovudutval for kultur, idrett og integrering har fastsett desse to programområda for KUP:

  • formidling og deltaking
  • samordning og samhandling

A. Formidling og deltaking

Det handlar om å nå nye målgrupper, noko som er både eit sosialt ansvar og eit samfunnsansvar. Nye typar kulturbrukarar og nye deltakarar i kulturlivet er nødvendig for å utvikle kunsten og kulturen i seg sjølv.

Dette programområdet skal særleg rettast inn mot tiltak og prosjekt som

  • prøver ut nye former for formidling
  • prøver ut metodar og tiltak for auka deltaking og publikumsutvikling
  • styrker mangfaldet i aktivitet og deltaking for grupper som treng særskild tilrettelegging
  • styrker arbeidet med ungdom som publikum, deltakarar og kulturbrukarar

B: Samordning og samhandling

Betre samordning og større samhandling er ein god veg å gå for å vidareutvikle kunst- og kulturlivet i fylket. Kompetansebygging og -deling er ein viktig del av dette, og det kan vere på ulike nivå, med ulike metodar og innan ulike fag, kulturfelt og kunstartar.

Vi kan gjennom samordning og samhandling vere med og bygge ein betre infrastruktur for kunst- og kulturlivet i fylket. Det vil styrke både skapar- og formidlardelen.

Dette programområdet skal særleg rettast inn mot tiltak og prosjekt som

  • utviklar tenlege plattformar og arenaer for dialog, nettverk, samarbeid og kompetanse
  • utviklar møteplassar og samarbeidsmodellar der frivillige organisasjonar kan auke
    kompetansen, utvikle nettverk og samarbeide med offentleg og profesjonell sektor
  • legg til rette for samarbeid, synergieffektar og kompetanseoverføring mellom kommunar, frivillige organisasjonar, etablerte institusjonar og det frie profesjonelle feltet
  • styrker kunst- og kulturtilbodet og arrangørkompetansen i fylket ved kompetanseutveksling og samarbeid mellom større kulturaktørar og mindre miljø
  • utviklar pilotprosjekt som er tverrfaglege og som fremjar fellesproblemstillingar som knyt saman idretts- og kulturlivet
  • utforskar nye samarbeid og samspelformer mellom ulike kunstartar og kulturformer

Avdeling for kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Kvar søknad er eit einskildvedtak, og innstillinga skal grunngjevast i saksframlegget. 

Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.

Det er særlege rutinar for utbetaling for KUP. Kvar tilsegnsmottakar må signere og returnere eit akseptskjema som er vedlagt tildelingsbrevet. Denne fungerer som ei stadfesting på at vilkåra for løyvinga er akseptert, og at mottakar tek ansvar for å gjennomføre prosjektet som planlagt i samsvar med desse.

Når fylkeskommunen har motteke akseptskjema, vert fyrste delutbetaling gjennomført. For prosjekt som går over 1 år vil 90 prosent av tilskotet utbetalast på dette tidspunktet. Fleirårige prosjekt vil og få utbetalt ein delsum ved innsending av akseptskjema. Deretter vert utbetaling av midlane gjennomført årleg i prosjektperioden på bakgrunn av innsendt statusrapport. Lenke til digitalt rapporteringsskjema finn de på denne sida.

Møte for oppfølging og evaluering av prosjektet skal gjennomførast ved behov og etter nærare avtale.

Siste 10 prosent av totalsummen vert utbetalt når det ligg føre sluttrapport og revidert rekneskap. Sluttrapporten skal innehalde desse punkta:

  • Kort om bakgrunn og målsetting for prosjektet
  • Greie ut om gjennomføringa av prosjektet og i kva grad målsettinga vart nådd.
  • Oppsummering av prosjektarbeidet, erfaringar som til dømes sterke/svake sider ved organisasjon/gjennomføring mv.
  • Eventuell vidareføring av prosjektet, overføringsverdi
  • Signert sluttrekneskap skal sendast ved prosjektslutt. Registrert revisor skal attestere sluttrekneskapen for tilsegn frå og med 100 000 kroner.
  • Tilsegnsmottakar må også gje ei supplerande presentasjon i tekst/foto ved prosjektslutt.