Bakgrunnen for den kommunale kulturprisen har vore, og er framleis, å gje betre vilkår for kulturarbeidarar i kommunen. Den er og meint å vera til  inspirasjon for alle som driv aktivt kulturarbeid. Kulturprisen skal særleg vera ein honnør for oppofrande kulturarbeid.

Kulturprisen skal ikkje reknast som tilskot til planlagde oppgåver, men som ei påskjønning. Kulturprisen kan delast ut til einkeltpersonar, organisasjonar eller institusjonar som har utmerka seg i særleg positiv kulturell samanheng.

Kulturprisen vil bli delt ut kvart år, så sant det finst høvelege kandidatar.  Luster kommune har delt ut kulturpris sidan 1985.

I nominasjonen av kandidaten til årets kulturpris  heiter det :

Kandidaten vår har gjennom eit langt «musikkliv» gleda eit stort publikum. Musikkglede viste kandidaten vår tidleg. Det vert fortalt at som «attpåklatt» i ein familie på fem, viste kandidaten tidleg glede i å høyra på når den eldre broren brukte platespelaren, og sjølv om kandidaten ikkje kunne lesa så valde vedkomande melodiar ut i frå fargen på platecoveret.   

Kandidaten vår har ikkje lagt skjul på at song og musikk har hatt stor verdi for oppveksten, og minna frå barndomen inneheld også dei mange gode relasjonane til dei «eldre» og meir erfarne formidlarane av songskatten. Dette å akkompagnera til song og allsong vart ein naturleg, men viktig del av den vidare musikk-karrieren.

Kandidaten vart korpsmusikar frå 12 års alderen, og framleis er «musikken» like viktig som jobben. Alt frå ungdomsåra spelte kandidaten periodevis mykje i helgane. Men utdanninga vart likevel prega av eit ynskje om tene pengar…

Kandidaten var allsidig i forhold til å spele ulike instrument, og status pr i dag er nok at kandidaten har praktisert på gitar lengre enn trekkspel. Det høyrer også med til CV’en at vedkomande også har spelt bassgitar i eit pop-band. Men mest profilert vart kandidaten i gruppa «Hesjevoll og Myklemyr».

I 2004 – 20 år etter Oddvar Stegegjerdet døydde – deltok kandidaten i minnemarkeringa i Parken i Gaupne, og på same tida vart det teke initiativ til å starte opp att Luster trekkspelklubb. Om lag fem år seinare, til kappleiken i Jostedal, i 2009,  tok kandidaten også initiavtiv til å produsere ein CD med arkivopptak av hardingfelespel frå Jostedal.

Kandidaten vår deltok også i Nordisk Meisterskap i Folkmusik, i Sælen i Sverige, i 2011, og erobra tittelen som Nordisk Meistar saman med dei andre medlemane i Gamlebanken Spelemannslag, - den gongen som gitarist.

I 2015 skjedde eit visst sjangerbyte, der trekkspelet også vart teke inn i kyrkja som bruksinstrument. Men kunnskap og kjennskap til kva andre driv med innanfor folkemusikken førte kandidaten vår inn i det organisatoriske arbeidet. Dette var ein type arbeid som styremedlem i Jostedal Spel- og dansarlag og Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Kandidaten vår vart også nestleiar i Folk ORG  frå 2013 – 2018 - den største folkemusikk og danseorganisasjonen i Norge.

Den heiter vidare i nominasjonen av kulturpriskandidaten vår:

Gjennom eit langt musikkliv har kandidaten vore den fremste eksponenten av å føra vidare Oddvar Stegegjerdet sin spelestil på trekkspelet sitt. Men vedkomande har også ført vidare store delar av tradisjonsmusikken i Luster, og då spesielt frå Jostedalen.  

Men dei seinare åra har kandidaten også, saman med felespelaren John Oddvar Kandal frå Breim, vore med på å føre vidare tradisjonsmusikk frå andre stader i «gamle-fylket» vårt.

Avslutningsvis skal det også nemnast at som eksamensoppgåve ved Ole Bull akademiet i 2017 forfatta kandidaten oppgåva:  Oddvar Stegegjerdet – komponisten og tradisjons-bæraren. Som ein unik trekkspelvirtuos er kandidaten vår med på å heve kvaliteten på framføringane både som solist, i duettar eller gjennom gruppespel. Men som leiar i ulike grupper opp gjennom åra har kandidaten også vore med på å setja sitt preg på andre si utføring av denne musikken. I dag er kandidaten vår også kjend som ein kyrkjemusikar, og med eit instrument som i utgangpunktet ikkje var vanleg i bruk til det føremålet. 

I nominasjonen er det streka under at:

kandidaten vår bør få kulturprisen for sin innsats for formidling av tradisjonsmusikken i distriktet vårt.

Kulturprisen skal altså ikkje reknast som tilskot til planlagde oppgåver, men som ei påskjønning. Det er med bakgrunn i dette at Luster kommune i år har vedteke å gje kulturprisen til deg Helene Margrethe Myklemyr Bolstad.

Saman med eit diplom er kulturprisen også ein gåvesjekk på kr 15 000 og ei blomsterhelsing.