Plan- ID 2017002. Luster kommunestyre har i møte 13.09.2018, sak 38/18, vedteke reguleringsplan for Lundshaugen. Den vedtekne reguleringsplanen er lagd ut på servicetorget på Rådhuset og på biblioteket i Gaupne. Vedtak om eigengodkjenning av reguleringsplan kan påklagast av alle med rettsleg klageinteresse i saka, jf. reglane i §12-12 og §1-9 i plan- og bygningslova, og kap. IV i forvaltningslova. Eventuell klage skal sendast skriftleg til Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne, innan 3 veker frå offentleg kunngjering. Klagen skal grunngjevast og innehalda opplysningar om kva tilknyting klagaren har til det regulerte området. Eventuelle krav om eller innløysing eller erstatning må setjast fram skriftleg innan 3 år frå offentleg kunngjering av vedtaket, jf. §15-2 § 15-3 i plan- og bygningslova.

Reguleringsplan

Plankart

Vedtak