A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Kursdag for fleire av dei tilsette

Fredag den 17.januar var kontaktlærarane og rektor på nettverk for fådelte skular/oppvekstsenter. Luster kommune var arrangør og me hadde deltakarar frå Flåm skule, Feios skule, Fresvik skule, Nesse oppvekstsenter, Sagatun oppvekstsenter, Indre Hafslo oppvekstsenter, Jostedal oppvekstsenter, Solvorn oppvekstsenter, Luster oppvekstsenter og Skjolden oppvekstsenter.

Dagen starta der me på Indre Hafslo viste fram korleis me jobbar med fysak i kvardagen. Me fortalde litt om korleis me hadde jobba med å inkludera det i kvardagen. Får eit motivasjonsmøte med Geir Kåre Resaland våren 2012 til å ha det som satsingsområde frå hausten 2012. Me har laga mykje opplegg som me brukar t.d. å repetere ny lærdom. Det kan vere gangetabellen, nye verb i engelsk eller ordklassar i norsk .

Elevar klar til mattebingo

Her ser de elevane klare til stafett og mattebingo

Elevar på veg opp bakken

 

Deltakarane på nettverket

Deltakarane på nettverket.

2014-01-17 09.58.06.jpg

Barnehagen har og starta med fysak og her skal dei kaste terning og ta med det talet dei får på terningen.
Er ikkje talet der må dei springe tilbake utan tal.

 

Etter at me hadde hatt ei økt på Indre Hafslo reiste me til rådhuset der me fekk høyre meir om Mørkridsdalen-prosjektet som Skjolden oppvekstsenter har vore med på. Det resulterte i eit flott bok og dvd. Prosjektet gjekk ut på å lære meir om nærmiljøet og korleis dei levde før i tida. Mørkridsdalen er eit verna naturområde og ungane lærte om kva ein kan gjere i slike område og ikkje. Lokale historikarar har og bidrege med nyttig kunnskap om korleis det var å leve og drive jordbruk før i tida.

Vidare hadde Jostedal oppvekstsenter iet flott innlegg om korleis legge opp til eit tverrfagleg prosjekt som julefest. Der fekk me sjå at eit slikt tverrfagleg prosjekt treff mange av kompetansemåla og avkrefta myta om at ein "brukar opp" tida som ein heller burde ha brukt til rein fagundervisning.

Siste innlegg var frå Feios skule. Dei viste fram deira IT-løysing ved bruka av nettbretta Apple Ipad. Dei har valt å erstatta pc-løysingar med Ipads og har vore godt nøgde med det. Dei har hatt lite feil og har brukt dette snart eit år. Frå i haust fekk alle elevane på deira ungdomstrinn kvart sitt nettbrett og dei har funne gode løysingar som har klart å erstatte pc`n.

 

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS