Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
7. mai 2021 kl. 14:50

Koronaviruset / Corona disease - information

Her finn du informasjon om smittesituasjonen i kommunen og anna informasjon knytt til koronaviruset.

Les meir...
7. mai:

Treng bedrifta di ny kompetanse og omstilling?

Vestland fylkeskommune tilbyr midlar til intern opplæring for bedrifter. Søk innan 22. mai.  Les meir...
A A A

Kven fortener Trafikktryggingsprisen i Vestland 2020?

Publisert
Foto: Anders Aa. Hagen/TryggTrafikk

Foto: Anders Aa. Hagen/TryggTrafikk

Vestland fylkeskommune deler kvart år ut ein trafikktryggingspris til nokon som har utmerka seg i trafikktryggingsarbeidet. Både personar, lag og organisasjonar kan motta prisen. No ønskjer vi forslag til kandidatar til prisen velkomne. Alle innbyggarar i fylket har høve til å koma med forslag innan 19. oktober 2020. For å nominera må ein gå inn på vestlandfylke.no/trafikktryggingsprisen, der ein finn skjema.
Trafikktryggingsprisen er på 50 000 kr og det er trafikktryggingsutvalet i Vestland som avgjer kven som får den. Prisen vert delt ut på den årlege trafikktryggingskonferansen i Vestland. Med dette fortset vi tradisjonen frå Sogn og Fjordane og Hordaland med å heidra folk som utmerkar seg i trafikktryggingsarbeidet.

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker