Stillingsinformasjon

Me søkjer deg med arkivkompetanse, kunnskap og erfaring frå elektronisk arkivarbeid, samt interesse og motivasjon for å jobba med daglege arkivoppgåver i kommunen. Me treng ein medarbeidar som kan delta både i det daglige arbeidet og bidra til utvikling og forbetring av rutinar. Det er ynskeleg med erfaring frå rettleiing av tilsette innan arkivrutinar, lovverk og bruk av sak/arkivsystemet. Gode ferdigheiter i bruk av IKT-verktøy blir vektlagt.
Frå januar 2021 vil me ta i bruk sakarkivsystemet WebSak frå ACOS.

Arbeidsoppgåver

  • Driftsoppgåver som postmottak, journalføring, kvalitetssikring av elektronisk arkiv og innsynshandtering.
  • Brukarstøtte i sakshandsamingssystemet og hjelp til sakshandsamarar i arkivspørsmål.
  • Periodiske oppgåver innan fagfeltet; medrekna å klargjere arkiv for avlevering.
  • Høve til å delta i arkiv- og utviklingsprosjekt.
  • Andre oppgåver som fell til avdelinga.

Kvalifikasjonar

  • Du har utdanning innan arkivfag frå høgskule eller universitet. Relevant realkompetanse frå dokumentforvaltning og arkiv kan erstatta utdanningskravet.
  • Det er ynskjeleg at du har erfaring med arkivarbeid og bruk av NOARK-basert elektronisk arkiv- og sakshandsamingssystem, gjerne frå offentleg forvaltning.
  • Du har god IKT-forståing og interesse for digitale løysingar.
  • Det er ynskjeleg at du har erfaring frå brukarstøtte.
  • Du har interesse og engasjement for arkiv- og dokumentforvaltning og kjennskap til relevant lovverk.
  • Du har god samfunns- og rolleforståing og evne til å utvisa godt fagleg skjønn.
  • Luster kommune er nynorskkommune, så du må meistre målforma nynorsk.

Personlege eigenskapar

  • Du likar å jobba med driftsoppgåver på detaljnivå.
  • Du bidreg aktivt til det faglege og sosiale miljøet.
  • Du er ein god lagspelar med høg serviceinnstilling.
  • Du er omstillingsdyktig og fleksibel.
  • Personlege eigenskapar og dokumentert gjennomføringsevne blir vektlagd.

Me tilbyr

Utfordrande og interessante arbeidsoppgåver og godt arbeidsmiljø.
Løns- og arbeidsvilkår iflg. gjeldande lov, forskrift og tariffavtalar, gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktperson: Arkivleiar Marit Kvalen, e-post marit.kvalen@luster.kommune.no tlf. 57 68 55 12
 

Gå til søknadsportalen