Arbeidsoppgåver:

Luster sentralkjøkken er produksjonskjøkken for omsorgstenesta i Luster kommune. Sentrale arbeidsoppgåver vil vere produksjon av middag, lunsj, dessertar og bakverk, samt varemottak, oppvask og generelt reinhald.

Kvalifikasjonar:

Me søker ein medarbeidar med kompetansebevis. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som evne til samarbeid,
fleksibilitet, positiv haldning og løysingsorientering. Det er ein fordel med kjennskap til moderne produksjonsmetodar som sous
vide og kok kjøl.

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Arbeid på dagtid måndag til fredag 
  • Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Kommunale arbeidsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariffavtale

Søknad:

Logg inn her for å søke.

Det er ikkje naudsynt å senda kopi av vitnemål, attestar m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast på førespurnad. Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dette må grunngjevast. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren likevel kan verta offentleggjorde jf. offentleglova § 25. Du vil då bli varsla om dette på førehand.

Søknadsfrist: 4. juli 2021                     

Kontaktperson: Kjøkkensjef Svein Tore Heltne tlf. 57 68 57 04 / 99 53 97 46. E-post svein.tore.heltne@luster.kommune.no