A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

LIVSMEISTRING OG FOLKEHELSE

LIVSMEISTRING OG FOLKEHELSE

 

Er eit nytt tverrfagleg begrep i ny læreplan, som skulen skal jobbe med i stort sett alle fag.

Ein ung gut eg kjenner uttrykte følgjande då eg kom heim med ei ny fagbok om emnet; men er det da ikkje foreldrene sitt ansvar?

Og det har han jo heilt rett i. Men i den komplekse og herleg mangfaldige kvardagen som barn og unge skal meistre i dag, så har ein og valt å seie at skulen skal bidra i dette arbeidet. Og om ein ikkje meistrar skulekvardagen, så vil ein og streve på andre områder i livet.

Då skulen drøfta tema med foreldre på LUS, så kom dei med gode innspel på kva «Livsmeistring» betyr?

Håndtere opp- og nedturar.

Godta situasjonen ein er i.

Godta ulikheiter.

Akseptere at ein er god på noko/ikkje god i alt.

Finne sin plass.

 

Kjenne seg sjølv.

Trygg på seg sjølv.

Tru på seg sjølv.

Respektere seg sjølv og andre.

 

Få i seg mat, drikke og nok søvn.

Vera rusta til å takle ein kvardag.

Læra ungane å ta ansvar for tid og stad sjølv.

Vera bevisst på korleis andre oppfattar deg når du sit med/bak mobilen – stenger du andre ute?

Å gje borna ansvar til å rydde vegen sjølv i ulike samanhengar.

Barna må få høyre/lære at dei er gode. Slik kan dei reflektere rundt korleis dei oppfører seg mot andre.

Dei må lære å sjå andre sine «feil» og sine eigne.

Barna må lære seg å vise/ha respekt for kvarandre.

Foreldre må vere gode førebilete.

 

Takla motgang og medgang.

Finne sin plass.

Forstå at ein er god nok.

Meistre livets utfordringar (frå me står opp til me legg oss).

Tenke at ein er god nok som ein er.

 

Takle ALT livet har å by på.

 

Stå i livet.

Takla nederlag (dritsur berre i kort tid etter fotballtap).

God kommunikasjon.

Visa folkeskikk.

Visa omsut og empati.

Vera trygg på seg sjølv – skapa trygge ungar.

 

Kontroll (sjølv om ein ikkje har det).

Bakkekontakt.

Kjenne at ein har det godt/ok (vener, rutinar, kjenne på glede i kvardagen).

Klare seg.

Tenke at ein er god nok/like seg sjølv.

Kunne styre tankane sine.

Tåle å feile.

Forstå at ting ikkje alltid går rett veg, men det går bra likevel.

Ikkje alltid samanlikne seg med andre.

Akseptere at ting ikkje går som ein hadde tenkt.

Meiningsfull kvardag.

Vera bra nok.

Greitt å vera forskjellig.

Meistra kvardagen.

Korleis ein håndterer med- og motgang.

 

Vidare spurte me om korleis de som føreestte kan samarbeide med kvarandre og skulen for å leggje til rette for livsmeistring hjå elevane?

 

Dette vart trekt fram;

Felles forståing/rammer. Då må det vere god dialog skule-heim.

Kunne sjå fleire ungar enn sine eigne.

Vere med og redusere stress.

Setja dei i stand til å løyse eigne utfordringar.

Støtte opp om skulen sine forventningar.

 

Eg vil ynskje lukke til med vidare arbeid med å fremje livsmeistring og folkehelse. Det er viktig at skule og heim jobbar saman. I Luster kommune er det eit spennande prosjekt som er sett i gang, der ein skal jobbe med dette tema. Ta kontakt med skulen dersom du vil vere med som foreldrerepresentant i prosjektet.

 

Beste helsing Kristin Vee, rektor

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS